Reglement kommunestyret

Vedtatt i Kommunestyret 26.05.2003.

§ 1 Saksførebuing for kommunestyret

Ordføraren syter for at dei sakene som skal leggjast fram for kommunestyret er førebudd administrativt og politisk på forsvarleg måte, og i samsvar med gjeldande reglar, lover, reglement og andre føresegner.

Formannskapet gjev forslag til vedtak i saker om økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak når lov gjev føresegner om dette,- jfr mellom anna § 8 nr 3 i kommunelova. I andre saker kor kommunestyret si avgjerdsmynde ikkje er delegert, vert sakene lagt fram med innstilling frå det utvalet kor saka sorterer under; formannskapet, plan- og økonomiutvalet eller driftsutvalet.

Ordføraren syter for at saksdokumenta vert trykt opp og sendt til medlemane av kommunestyret, til varamedlemar, rådmannen og kommunerevisjonen med innkalling til kommunestyremøte (jfr. § 2 nedanfor).

Kommunestyret kan sjølv oppnemne adhoc-utval til å førebu handsaming av saker.
Kommunestyret tek sjølv stilling til om saker som er førebudd av adhoc-utval skal takast opp til realitetshandsaming, eller om saka skal handsamast vidare i administrasjonen eller i hovudutala.

§ 2 Innkalling til møte. Utlegging av dokument.

Kommunestyret held møte når det sjølv bestemmer det, når ordføraren finn det påkrevd eller når 1/3 av medlemane gjer framlegg om dette.

Ordføraren kaller kommunestyret saman til møte.

Innkallinga skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, spesifisert oppgåve over dei sakene som skal handsamast og opplysning om kor saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn.

Innkallinga skal sendast til medlemar av kommunestyret og dei varamedlemar som skal møte.

Innkallinga skal kunngjerast på ein høveleg måte og som regel med ein frist på 11 dagar – innkallingsdagen medrekna, derimot ikkje møtedagen, når lov ikkje gjev påbod om annan kunngjeringsfrist.

Samstundes som innkallinga er sendt skal dei sakene som skal førehavast m/alle dokument leggjast ut til ettersyn på Sørviskontoret. Sakene skal ligge ute til ettersyn så lenge som mogleg før møtet tek til. Dette gjeld likevel ikkje dokument som er unnateke for offentlegheit etter lov om offentlegheit i forvaltninga eller etter anna lov. Slike dokument kan kommunestyret sine medlemar berre gjere seg kjent med på Sørviskontoret.

§ 3 Forfall. Varamenn.

Kan ein som er innvald i kommunestyret eller ein innkalla varamann ikkje møte for skuld lovleg forfall, skal han sende melding om det til ordføraren utan dryging og nemna forfallsgrunnen. Ordføraren skal straks kalla inn varamann etter reglane i § 16 nr. 1 i kommunelova. Det samme skal han gjere når han er kjent med at nokon må fråtre som inhabil i sak som skal handsamast på møtet.

Lyt nokon for skuld lovleg forfall gå frå møtet før det er slutt, skal han straks seia frå til ordføraren. Er varamann til stades eller kan dei kalla inn varamann , skal varamann koma i staden for den som lyt gå frå.

No kan det henda at ein varamann lovleg har teke sete i møtet og seinare kjem den som han møter for eller ein varamann som står lenger framme i nummerrekkja; då skal den fyrstnemnde vera med i møtet til dei er ferdig med den saka som var påbyrja då den andre kom. Deretter tek den vararepresentant som står føre i nummerrekkje sete i forsamlinga.

§ 4 Kan andre enn dei som er valde inn i kommunestyret vere med i møtet?

Rådmannen tek del i møtet med talerett i samsvar med kommunelova § 23 nr. 3. Andre tilsette kan ta del i møtet og kan få ordet i dei sakene som går inn under vedkomande sitt forvaltningsområde når rådmannen finn grunn til dette. Ellers kan andre ta del når serskild lovheimel gjev rett til det og då med dei rettar og plikter vedkomande lov gjev dei.

§ 5 Møtestyrar. Ustengde eller stengde dører. Teiingsskyldnad.

Ordføraren eller varaordføraren styrer møtet. Har dei båe forfall skal kommunestyret velje møtestyrar. Møtestyrar vert valt ved fleirtalssval frå medlemene i formannskapet.

Møtet skal haldast for opne dører. Men kommunestyret kan etter § 31 i kommunelova gjera vedtak om at ei einskild sak skal førast for stengde dører. Spørsmålet om dette vert drøfta for stengde dører dersom ordføraren krev det eller kommunestyret gjer vedtak om det.

Når det er vedteke at ei sak skal førast for stengde dører, har dei som sit i kommunestyret og dei kommunale tenestemenn som er til stades, skyldnad til å teia om drøftingane og om dei vedtak som vert gjorde, så langt ikkje noko anna vert vedteke. Denne skuldnad varer til dess noko anna vert fastsett eller til dess grunnane for vedtaket om stengde dører har falle bort. Er det andre til stades når ei slik sak er føre, skal ordføraren krevja teiingslovnad av dei.

§ 6 Møtet tek til

På den tid som er fastsett, ropar ordføraren opp dei som er med i kommunestyret og dei varamennene som skal vera i staden for slike som ikkje møter. Er det lovlege minstetalet til stades, seier han møtet sett.

Frå no og til møtet sluttar kan ingen av dei som høyrer til kommunestyret gå ut or salen i stutt eller lang tid, utan å melda frå til ordføraren fyrst.

Dei som kjem etter oppropet, skal melde seg til ordføraren før dei tek sete.
Ein representant eller vararepresentant kan tiltre møtet heilt fram til saka er tatt under votering.

§ 7 Rekkjefølgja i saksførehavinga. Sak som er teken opp til førehaving. Sak som ikkje er
nemnd i innkallinga.


Vert det under oppropet reist tvil om noko forfall, skal forfallet drøftast fyrst. Deretter skal kommunestyret ha føre dei sakene som er nemnd i innkallinga, og i den rekkjefølgja dei har der. Interpellasjonar og spørsmål skal koma etter dei andre sakene, utan omsyn til nummerrekkja i innkallinga. Kommunestyret kan gjera vedtak om ei anna rekkjefølgje.

Er ei sak teken opp til førehaving, kan møtet ikkje sluttast før saka er avgjord med avrøysting eller kommunestyret har gjort vedtak om å setja ut drøftingane om saka.

Ei sak som ikkje er nemnd i innkallinga til kommunestyremøtet, kan ikkje takast opp til realitets-avgjerd dersom anten ordføraren eller 1/3 av møtelyden set seg imot at saka vert avgjord.

§ 8 Ugildskap

Den som er ugild i ei sak etter § 40 nr. 3 i kommunelova eller som vert friteken etter nr. 4 i same paragraf, skal ikkje vera med på å drøfte eller avgjera saka.

§ 9 Den utgreiing ordføraren skal gjeva om sak. Rekkjefølgja mellom talarane.

Ordføraren skal lesa opp det som saka er kalla i innkallinga. Ligg det føre tilråding om saka, les han opp det framlegg til vedtak som står i tilrådinga, gjev opplysning om meiningsskilnad hjå dei som har gjeve tilrådinga, og seier frå om dei dokument som har kome etter tilrådinga var gjeven.

Ordføraren spør så om nokon vil ha ordet i saka. Talarane får ordet i den rekkjefølgje dei bed om det. Bed to eller fleire om ordet på same tid, fastset ordføraren rekkjefølgja mellom dei.

§ 10 Om innlegg i ordskiftet.

Talaren skal rette sine ord til ordføraren. Han skal halda seg nøye til saka eller til den
luten av saka som ordskiftet gjeld.

Det må ikkje seiast noko som er ei krenking mot møtelyden, mot nokon som er med i kommunestyret, eller mot andre. Heller ikkje må nokon laga ståk eller uro til teikn at han likar eller ikkje likar noko.

Bryt nokon ordensføresegnene i reglementet, skal ordføraren åtvara han to gonger om det trengst. Rettar han seg ikkje etter reglementet, kan ordføraren taka ordet frå han eller lata møtelyden røysta spørsmålet om han skal stengjast ute frå resten av møtet.

§ 11 Stoda til ordføraren i ordskiftet.

Ordføraren må ikkje stogga nokon som har ordet, utan når han lyt halda oppe dei føresegnene som er gjevne i reglementet og når han vil retta mistydingar hjå talaren.

Vil ordføraren vera med i ordskiftet med meir enn den utgreiinga som er nemnd i § 9 fyrste leden, og det ikkje gjeld korte innlegg, skal han gjeva frå seg møtestyringa til ein anna, jfr. § 5 fyrste leden.

§ 12 Taletid og ordskifteslutt

Før eller etter at ordskiftet har teke til i ei sak, kan kommunestyret gjere vedtak om kor mange minutter kvart innlegg kan vara. Med vanleg fleirtall kan det gjerast unnatak frå dette for rådmann, for leiar for vart politisk partigruppe i kommunestyret, og for dei som er valde til ordførar i saka for andre grupper i møtelyden, når det er sagt frå om valet til ordføraren før ordskiftet tek til.

Når kommunestyret synest at dei har tala nok om saka, kan det med vanleg fleirtal gjerast vedtak om at ordskiftet skal vera slutt.

Når det er gjort framlegg om taletid eller om ordskifteslutt, må berre ein talar få ordet til å tala for framlegget og berre ein mot framlegget, kvar av dei får berre tala ein gong og ikkje meir enn to minutt.

§ 13 Framlegg

Berre dei som er med i kommunestyret kan gjera framlegg, når ikkje noko særleg lovføresegn gjev andre rett til å koma med framlegg.

Framlegget skal gjevast skriftleg til ordføraren. Eit framlegg kan gjevast munnleg når det går ut på kven som skal veljast eller tilsetjast eller på at den saka som er føre, skal utsetjast eller sendast til formannskapet eller eit anna kommunalt organ, eller går ut på at eit framlegg skal vrakast. Eit skriftleg framlegg skal underskrivast av den som set det fram.

§ 14 Når ei sak vert teken opp til røysting


Når ordskiftet er slutt, seier ordføraren frå at saka er teken opp til røysting. Frå då og til røystinga er gjord, må det ikkje vera meir ordskifte om saka eller gjerast nye framlegg. Heller ikkje er det høve til å taka opp noko anna sak i denne tida.

Rett til å røysta har berre dei som er med i kommunestyret og som er i salen på den tid saka vert oppteken til røysting. Dei kan ikkje gå ut av salen før røystinga er slutt og har skyldnad til å røysta. I val og ved tilsettingar kan det nyttast blank røystesetel.

§ 15 Prøverøysting


Før dei røystar endeleg i ei sak, kan møtelyden halda prøverøystingar, som ikkje er bindande.

Er den tilrådinga eller det framlegg at dei skal røyste over, delt opp i postar eller paragrafar, bør dei fyrst røysta førebels over kvar post eller paragraf, og så – med eller utan prøverøysting her og – røysta over heile tilrådinga eller heile framlegget.

§ 16 Røystingsmåten

Røystinga skal gjerast på ein av desse måtane:

a) Stilleteiande godkjenning, når ingen seier seg mot eit framlegg som ordføraren set fram med spurnad om nokon har noko å seia imot det.

b) At ordføraren bed dei som er mot eit framlegg reisa seg eller rekkja opp handa. Når ordføraren vil eller ein annan i møtelyden krev det, skal det haldast motprøve, såleis at dei som er for framlegget, reiser seg eller rekkjer opp handa.

c) Namneopprop, ja eller nei til svar, når ordføraren roper opp namna på dei som møter. Det skal haldast loddtrekning om kva namn oppropet skal taka til med, og så går det etter bokstavrekkja. Ein av dei som ordføraren nemner opp, kontrollerer røystinga med å merkja av på lista.

Namneopprop skal nyttast når ordføraren krev det, eller når minst 1/5 av møtelyden krev det.

d) Med setlar utan underskrift. Ordføraren nemner opp to av dei som er med i kommunestyret til å telja røystene. Røystesetlar kan berre nyttast når det gjeld val eller
tenestemannstilsetjing. Dei skal nyttast i slike høve dersom nokon av dei som skal røysta
krev det.

Står røystene likt i ei avrøysting, skil røysta til ordføraren. I val og tenestemanntilsetjing
gjeld likevel dei reglane som er gjevne i § 38 i kommunelova.

§ 17 A Interpellasjonar


Utanfor dei sakene som er administrativt førebudd og lagt fram for kommunestyret, kan kvart medlem av kommunestyret i samsvar med kommunelova § 34 nr. 2 rette førespurnad til ordføraren i form av interpellasjonar etter desse reglane:

a) Interpellasjonen må vere innlevert skriftleg seinast 6 dager før kommunestyremøtet som svaret kal gjevast i.

b) Interpellasjonen skal handsamast på slutten av møtet og etter at dei andre sakene som er
oppført på møtekartet er ferdighandsama. Den som har meldt interpellasjonen har høve til
å leggje fram ei munnleg grunngjeving. I slike høve bør det fastsetjast taletid.

c) Ordføraren skal svare på interpellasjonen.

d) Ved eventuelt ordskifte i samband med interpellasjonen, kan interpellanten, rådmannen, gruppeførarane og ordføraren ha ordet to gonger. Utanom desse skal ingen ha ordet meir enn ein gong.

e) Eventuelle forslag som vert sett fram i samband med førehavinga av interpellasjonen, kan ikkje avgjerast i møtet – dersom ordføraren eller 1/3 av dei frammøtte representantane går mot dette.

§ 17 B Spørsmål frå salen


a) Medlemane av kommunestyret kan stille spørsmål til ordføraren. Tida for å rette spørsmål kan vare opp til 30 minutt.

b) Dei som ønskjer å teikne seg på talarlista for å stille spørsmål, må gjere dette før kommunestyret vert sett. Ordføraren tek stilling til om andre en han sjølv skal svare på spørsmåla. Spørsmåla må gjelde kommunale forhold. Det er ikkje adgang for representantar som er tillitsvalgte eller tilsette i kommunen å stille spørsmål som gjeld saker angåande dei som tillitsvalgt eller som tilsett i kommunen.

c) Etter at det er svart på spørsmålet vert det gjeve høve til to korte replikkar mellom spørjar og dei som svarar på spørsmålet (2-3 minutter).

d) Det skal førast eigen protokoll for kven som har stilt spørsmål, tema og kven som svarte på spørsmålet.

e) Oppstår det tvil om forståinga av desse retningslinene avgjer ordføraren tvilsspørsmålet. Spørsmål som krev nærare undersøkjing, kan det svarast på i neste møte.

§ 17 C Merknad til § 17 A og § 17 B


Når det er tvil om eit skriv frå ein kommunestyrerepresentant skal oppfattast som interpellasjon eller spørsmål, avgjer ordføraren korleis skrivet skal oppfattast.

§ 18 Sendenemnder (deputasjonar)


Når utsendingar frå samskipnader og grupper vil møte for kommunestyret og gjeve fråsegn om ei sak, skal dei sende melding til ordføraren seinast dagen føre møtet.

Møtelyden avgjer om utsendingane skal verta mottekne. Vert dei mottekne, skal dei møte utanfor møtesalen for eit utval frå kommunestyret. I utvalet bør det vera nokon med frå kvar partigruppe i kommunestyret, når det er råd. Er ordføraren eller varaordføraren med i utvalet, skal han vere formann for det; elles vel utvalet sjølv formann. Når dei har høyrt det utsendingane har å seia og teke mot skriftleg utgreiing frå dei; om dei kjem med det, skal formannen i utvalet gjeva kommunestyret melding om det som utsendingane har halde fram. Gjeld det ei sak som er nemnd i innkallinga, skal han gjeva slik melding når den saka er føre. Elles gjev han melding når kommunestyret har gjort seg ferdig med dei sakene som er nemnd i innkallinga, og då gjeld dei reglane som er fastsette i § 17 om framlegg i samband med førespurnader.

§ 19 Orden i salen og bygningen


Ordføraren skal syta for å halde oppe god orden i møtesalen og elles i bygningen. Han skal syta for at talarane ikkje vert stogga eller uroa frå nokon kant. I fall dei som høyrer på skiplar førehavingane, anten med å syne liking eller misliking eller på anna måte, kan ordføraren visa ut anten alle eller sume tilhøyrarar. Det same gjeld når dei elles syner framferd som er i strid med god orden.

§ 20 Møtebok. Når møtet sluttar.


Kommunestyret fører bok over møta sine.

I møteboka skal førast inn for kvart møte, møtestad og møtetid, innkallinga (innkallingsdag og –måte), namna til dei som ikkje møter og namna til dei varamenn som er i staden. Kjem nokon til eller går nokon frå medan møtet varer, skal det førast inn, såleis at boka saman med lista over dei som er valde, syner kven som har vore med i kvar sak.

Elles skal førast inn det som trengst til å syne gangen i førehavinga og at vedtaka er gjorde etter rett framgangsmåte. Sakene skal bokførast i rekkjefølgje for kalenderåret, og såleis at ein kan sjå kva saka gjeld. I kvar sak skal bokførast dei framlegg som vert gjorde, så nær som dei realitetsframlegg som det etter § 7 siste leden, og § 17 ikkje vert røysta over. Ordføraren avgjer om nokon skal få utsegner innførde i møteboka. Kjem det motmæle mot hans avgjerd, skal kommunestyret avgjera spørsmålet.

Kommunestyret vel ei protokollnemnd som saman med sekretæren seinast dagen etter møtet gjennomgår møteprotokollen . Nemnda skal bestå av møteleiaren og to av kommunestyret sine medlemar. Desse godkjenner og skriv under protokollen saman med sekretæren.

Eit eksemplar av utskrifta vert sendt til alle medlemar og varamenn som var tilstades i møtet, og til dei medlemane som hadde forfall. Eit eksemplar av utskrifta vert forvart av rådmannskontoret.

§ 21 Krav om å taka opp att ei sak som er avgjord


Formannskapet kan avvise krav om å få opp til ny førehaving saker som lovleg er avgjorde av same kommunestyret, når kravet kjem før det har gått tre månader frå den dagen då kommunestyret gjorde endeleg vedtak i saka. Eit fast utval, styre eller råd kan avvisa kravet i slike høve, når det gjeld ei sak som utvalet, styret eller rådet førebur beinveges for kommunestyret. Desse føresegnene gjeld ikkje krav om ny førehaving som kjem frå eit departement eller fylkesmannen.