Konkurranse - Hustadvikakaka

Sist det var kakekonkurranse her i området var på Bolli-Martnan i 1985 der kaka «Mormors Mint» vann.

No er det på høg tid å få laga ei Hustadvikakake. Konkurransen er open for alle heimebakarar (ikkje profesjonelle eller konditorar). Det blir lagt vekt på: Smak, konsistens og utsjåande.

Alle innleverte bidrag bedømmast av jury beståande av tre personar med ulik bakgrunn der juryleder er fagutdanna konditor. Vinner kaka blir premiert.  

Påmelding foretas ved å sende e-post frivilligsentralen@frana.kommune.no  merka «Hustadvikakaka» innan torsdag 6. september. 

Dette skal vere med i påmeldinga: 

  1. Namn og kontaktopplysningar på deltakar (e-post og mobilnummer)
  2. Namn på kake (r) som vil bli innlevert laurdag 8. september. 
  3. Kvar deltakar kan delta med inntil to kaker
  4. Kaka skal være heil, laga i langpanne, rundform, eventuelt andre kakeformer.   

 Vi ser gjerne at kaka inneheldt lokale produkt som til dømes molter, blåbær, tyttebær, jordbær, bringebær, rips, eventuelt andre bær eller ingrediensar.  Gje den gjerne eit særpreg som går på enten utsjåande eller smak/ ingrediensar.   

Kakeinnlevering laurdag 8. september mellom kl 10.30 -11.30 på Fræna Frivilligsentral, Torget 10.  
Ved kaka skal det vere:

  1. Ein lapp som angir namn på kake(r) med oppskrift og framgangsmåte. 
  2. Ein lapp med namn på kven som har komponert og laga kaka.

 
Kakefat, tiner, esker o.l. som er med ved innlevering må tydeleg merkes med eigars namn og hentas same dag innan kl 15.30 ev. avtale om anna henting.  Oppskrifta må kunne brukas vederlagsfritt i ettertid og den vil og bli kunngjort i Kommuneavisa. Kakene blir nummeret og namn på bakar kunngjerast når kaka er kåra. 
 
Bakar – eller representant for bakar – må være tilstede ved offentliggjøring av juryens avgjørelse kl 13:30
Innleverte kaker returneras ikkje, men serveras gratis til besøkande på FRIVILLIGHET I SENTRUM LAURDAG 8. september frå premiering og til det er tomt. 
 


 

Kontaktinformasjon

Anne Holen Helseth
Fræna Frivilligsentral
E-post
Mobil 908 66 825