Kart og eigedomsopplysningar i Fræna kommune

Gratis kart over Fræna med der du kan velge ulike kartlag finner du ved å gå inn på: http://www.frana.kommune.no/bustad-eigedom/kart/

Fræna kommune har eit samarbeid med Ambita AS om levering av av kostnadsbelagte kart og eigedomsopplysningar digitalt. På sida www.infoland.no kan både firma og privatpersonar registrere seg som brukarar og bestille det ein treng av opplysningar. Her kan ein til dømes bestille situasjonskart over eigedomen til bruk ved byggesøknadar, nabolister, reguleringsplanar med føresegner, bygningsteikningar og matrikkelbrev.

Desse opplysningane er som nevnt over kostnadsbelagt. Ein kan betale som ved andre nettkjøp ved å leggje inn bankkortopplysningar eller inngå avtale med Ambita AS om fakturering ein gong i månaden. Bestillinga vert sendt til kommunen og vi sender opplysningane på e-post som PDF-vedlegg innen 3 eller 5 dagar ut frå kva som er bestilt.

Systemet er ope for bestilling 24 timer i døgnet. Det er også muleg å bestille og få utlevert opplysningane ved personleg oppmøte på Sørviskontoret på rådhuset i Elnesvågen. Her tar vi imot kontant betaling og har bankterminal.     

  

Sist endret 08.03.2016
Fant du det du lette etter?