Reglement for godtgjersle til folkevalde i Fræna kommune

1.FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER

1.1 GODTGJERSLE TIL ORDFØRAR- HEILTID

Årleg godtgjersle (lønn) skal tilsvare 9,5 G (G= folketrygda sitt grunnbeløp). Justering av godtgjersla skjer frå 01.05. kvart år. Frå 01.05.2017 til 01.05.2018  tilsvarer dette kr 889 523.

Godtgjersla til ordførar vert fordelt over 12 månader med 1/12 kvar månad. Det vert ikkje betalt ut feriepengar, men ordførar skal ha rett til å avvikle ferie tilsvarande det som kommunalt tilsette har. Plan- og økonomiutvalet vert å sjå som næraste overordna for avtale om ferie.

Det vert ikkje utbetalt godtgjersle for andre kommunale verv. Dersom ordførar er kommunalt oppnemnd i aksjeselskap og organet sjølv ikkje betalar honorar, har ordførar (og andre politisk oppnemnde representantar) rett til honorar frå kommunen. Dette vert fastsett av administrasjonen i kvart enkelt tilfelle.

Ordførar skal ha rett til sjukelønsordning på lik line med fast tilsette i kommunen.

Ordførar skal vere innmeldt i den kommunale tenestepensjonsordninga (ordning for tillitsvalde) og i den kommunale gruppelivforsikringa (ytingar til etterlatne ved dødsfall).

Ordførar har rett til skyss- og kostgodtgjersle på lik line med kommunale arbeidstakarar. Det vert ikkje gitt skyssgodtgjersle m.m. for reise mellom heim- og arbeidsstad (kommunehuset)

Ordførar skal ha rett på ettergodtgjersle i inntil 1 ½ månad dersom vedkomande har ein jobb eller pensjon å kome attende til etter slutta teneste og inntil 3 månader dersom vedkomande ikkje har jobb eller pensjon å kome attende til etter slutta teneste.

1.2 GODTGJERSLE TIL VARAORDFØRAR

Årleg godtgjersle til varaordførar skal tilsvare 40 % av ordførar sin godtgjersle. Godtgjersla vert betalt ut over 12 månader med 2/12 kvar månad.

Varaordførar har ikkje rett til ordinær møtegodtgjersle for deltaking i kommunale møter.

Dersom varaordførar trer inn i stedfortredarteneste t.d. v. sjukdom, permisjon for lengre tid, skal varaordførar ha den same godtgjersle som ordføraren.

1.3 GODTGJERSLE TIL GRUPPELEIARAR

Gruppeleiarar i kommunestyret skal ha ein fast årleg godtgjersle som tilsvarar 1 % av ordførar si løn pluss eit tillegg på 0,25 % pr. representant dei er gruppeleiar for. Godtgjersla vert betalt ut i halvårlege terminar.

1.4 LEIAR FOR OVERFORMYNDERIET

Leiar i overformynderiet skal ha ei fast årleg godtgjersle på 2,5 % av løn til ordførar.

2. MØTEGODTGJERSLE

Dei kommunale nemnder, råd og utval vert delt inn i tre. Dette er:

Gruppe 1:
Kommunestyret
Plan- og økonomiutvalet/formannskapet
Driftsutvalet
Administrasjonsstyret

Møtegodtgjersle for møte i gruppe 1 vert gitt med 1,0 ‰ pr. møte av ordførar sin godtgjersle.

Gruppe 2:
Arbeidsmiljøutval
Viltnemnd
Kontrollutval
Skatteutval
Skattetakstnemnd eigedomsskatt
Overskattetakstnemnd eigedomsskatt
Plan- og byggenemnd
Klagenemnd
Ad-hocutval
Valgnemnd

Møtegodtgjersle for møte i gruppe 2 vert gitt med 0,75 ‰ pr. møte av ordførar sin godtgjersle.

Gruppe 3 Andre faste utval valt av kommunestyret eller andre folkevalte organ:

Likestillingsutval
Eldreråd
Råd for funksjonshemma
Grendautval
Kommunen sin representant i samarbeidsutval ved grunnskoler og kommunale barnehager
Ev. andre politisk oppnemnte organ/ombod

Møtegodtgjersle for møte i gruppe 3 vert gitt med 0,5 ‰ a pr. møte av ordførar sin godtgjersle.

Fleire møte same dag:
Dersom ein representant deltek på fleire møter same dag, med kort mellomrom, vert det berre betalt ut ein møtegodtgjersle. (den høgste) (T.d. når det er Plan- og økonomimøte føre eit kommunestyremøte eller at det er både formannskapsmøte og plan- og økonomiutvalsmøte)

Møtegodtgjersle vert ikkje betalt til offentleg tilsette som møter i samband med den stillinga dei har, og der deltaking i utvals-arbeidet vert å sjå som ein naturleg del av deira arbeidsoppgåver.

Leiar eller sekretær for utvala har ansvaret for at det vert ført referat frå alle møter. Referat skal enten leggjast i Ephorte av referenten, eller sendast til Sørviskontoret for skanning og lagring i Ephorte. Leiar eller sekretær skal føre oppmøteliste og sørgje for at denne vert sendt til Sørviskontoret for utbetaling av godtgjersle. Det vert krevd referat frå møte for at utbetaling vert gjort.

3. LEIARGODTGJERSLE

Leiar i utval, både i gruppe 1, 2 og 3 skal ha dobbel møtegodtgjersle.
Dersom leiar har forfall skal fungerande møteleiar ha utbetalt leiargodtgjersla.

4. ERSTATNING FOR TAPT ARBEIDSINNTEKT, UTGIFTER TIL STEDFORTREDAR M.M.

Dersom den folkevalde har tap i arbeidsinntekt eller utgifter til stedfortredar, som følgje av vervet som kommunalt ombod, har den folkevalde krav på erstatning. Den folkevalde må sjølv fremme krav om slik erstatning på eige skjema, umiddelbart etter kvart tilfelle.

Krav om tapt arbeidsforteneste skal fremmast for rådmannen som handsamar. Dersom det er tvil om kravet eller det har ei prinsipiell side, vert kravet lagt fram for Plan- og økonomiutvalet til avgjerd.

4.1 LEGIMITERT TAPT ARBEIDSINNTEKT

Legitimerte utgifter for tapt arbeidsinntekt kan erstattas med inntil 1 dagløn for ordførar. (Dagløn vert årslønn/260)

Som dokumentasjon må føreligge attestasjon frå arbeidsgivar med dato for fråver, antall timer og timesats. Det skal ikkje reknast inn feriepengar i kravet, då dette vil bli utbetalt av kommunen. Dersom arbeidstakar taper pensjon (at arbeidsgjevar trekkjer for dette) må det dokumenterast for at kommunen skal betale ut. Bruk skjema for tapt arbeidsinntekt ved innsending av krav.

Sjølvstendig næringsdrivande må legge fram dokumentasjon på at kravet er reelt.

4.2 ULEGITIMERT TAPT ARBEIDSINNTEKT

Ulegitimert tapt arbeidsinntekt kan erstattast med inntil ½ dagløn for ordførar pr. dag. Kravet lyt sansynleggjerast ved eigenerklæring /rekning frå den folkevalde. Det vert som hovudregel ikkje gitt erstatning for forsømt arbeid ut over ordinær arbeidstid (kl. 08.00 - 16.00)

4.3 UTGIFTER TIL STEDFORTREDAR OG OMSORGSARBEID

Den som, som følje av vervet, får ekstra utgifter til leige av stedfortredar, barnepass, stell av sjuke og eldre, får erstatning for dette. Det lyt leggast fram kvittering ev. eigenerklæring. Namn på den som har utført stedfortredarteneste må gå fram av kravet. Slik erstatning kan også gis ut over vanleg arbeidstid, dvs. etter kl. 16.00.
Det vert ikkje ytt godtgjering i den grad det er eigne familiemedlemmar som har ytt tenestene. (T.d. dersom sambuar passa barna eller større søsken passar minstemann)

5. SKYSS- OG KOSTGODTGJERSLE

Folkevalde har krav på skyss- og kostgodtgjering etter kommunen sitt reiseregulativ.

6. YMSE

For deltaking på frivillige kurs, synfaringar, møter o.l. vert det ikkje gitt møtegodtgjersle eller tapt arbeidsforteneste.

Det lyt avtalast med ordførar eller rådmann på førehand om skyss, kost og ev. overnattingsgodtgjersle vert gitt. Det same gjeld også for deltakaravgift og andre reiseutgifter.

Arbeidsgodtgjersle for dei folkevalte
Arbeidsgodtgjersle for dei folkevalte
VERVSATS I %- ‰SATS I KR.
1. FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER
Varaordførar40%355809
Ordførar9,5G=100%889523
Gruppeleiarar i kommunestyret1% + 0,25% pr. representant8895 + 2223
.
2. MØTEGODTGJERSLESATS I ‰SATS I KR.
Gruppe 1:
Kommunestyret1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte889
Driftsutvalet1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte889
Plan og økonomiutvalet/Formannskapet1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte889
Administrasjonsstyret1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte889
.
Gruppe 2:
Arbeidsmiljøutval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Viltnemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Kontrollutval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Skatteutval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Skattetakstnemd eigedomsskatt0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Overskattetakstnemd eigedomsskatt0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Overformynderi0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Plan- og byggenemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Klagenemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Ad-hoc-utval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Valgnemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
.
Gruppe 3: Andre faste utval valt av kommunestyret:
Likestillingsutval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte445
Eldreråd0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte445
Råd for funksjonshemma0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte445
Grendautval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte445
Kommunal repr. samarbeidsutval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte445
Ev. andre utval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte445
.
3 LEIARGODTGJERSLESATS I ‰SATS I KR.
Gruppe 1 ekstra pr. møte1,0‰ av godtgj. ordførar pr. møte889
Gruppe 2 ekstra pr. møte0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte667
Gruppe 3 ekstra pr. møte0,50‰ av godtgj. ordførar445
Leiargodtgjersla vert betalt ut til stedfortredar dersom leiar har forfall
4. TAPT ARBEIDSFORTENESTESATS I ‰SATS I KR
.
Legimitert tapt arbeidsfortenesteInntil 1 dagsløn for ordførar: 879472/2603421 pr dag, 456 pr time
Ulegitimert tapt arbeidsfortenesteInntil 1/2 dagsløn for ordførar: 879472/2601710 pr dag, 228 pr time
Utgifter til stedfortredar, omsorgsarbeid, barnepassInntil 1/2 dagsløn for ordførar: 879472/2601710 pr dag, 228 pr time
.
5. SKYSS- OG KOSTGODTGJERSLE
Kommunens reiseregulativ
Publisert av Merete Rødal. Ansvarlig Kirsti Eide. Sist endret 17.08.2017 09:56
Fant du det du lette etter?