Ny i Fræna

Fræna kommune - Klikk for stort bilde

Velkommen til kommunen vår

Kommunen satsar på eit godt tenestetilbod til alle innbyggjarane, og vi ser gjerne at du tek tilboda våre i bruk. Sørviskontoret på kommunehuset kan hjelpe deg med det du treng av informasjon om dei ulike tilboda. Fræna er i vekst og har eit variert og ekspansivt næringsliv, gode kommunale tenester, trygge oppvekstvilkår og mange høve til friluftsliv og kulturelle aktivitetar.  Dette gjer oss til ein attraktiv kommune å bu i. I tillegg har vi to byar i nærleiken, Molde i sør og Kristiansund i nord. Fræna ligg sentralt i høve til dagleg pendling til begge regionane.

Vi ynskjer deg velkommen til flotte naturopplevingar i ein kommune med naturen rett utanfor døra.

Nedanfor finn du nokre sentrale lenker med nyttig informasjon.
Kontakt gjerne Sørviskontoret på telefon 71 26 81 00 eller postmottak@frana.kommune.no

Sist endret 22.02.2017 09:19
Fant du det du lette etter?