Økonomi, skatt og eiendomsskatt

Eiendomsskatt

Fræna kommune har eiendomsskatt på boliger, fritidseiendommer, næringseiendommer og verker og bruk. Eiendomsskatten blir krevd inn i 4 terminer med forfall 1. april, 1. juni, 1. september og 1. november hvert år.
 

Har du spørsmål vedrørende eiendomsskatt, se mer informasjon i denne artikkelen. 

Det er skatteoppkreveren som også er eiendomsskattekontor i Fræna. Du treffer Eva Gule Male på telefon: 71268138 eller Kari-Anne Lyngstad på telefon: 71268135. E-post: eiendomsskatt@frana.kommune.no



Økonomi og skatt

Viktig informasjon til alle våre leverandører vedrørende EHF faktura 

Avdeling for økonomi og skatt krev inn skattar og avgifter for Staten, Fylket og Kommunen.
Det er ulike lover, forskrifter og vedtekter som regulerer dei ulike skatte- og avgiftsartane. Ved innbetaling må ein difor oppgje kva slags skatt eller avgift det gjeld.

Seksjon for økonomi krev inn: Kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Krav på kommunale avgifter vert sendt fire gonger i året saman med eigedomsskatt. Forfall er sett til  1. april, 1. juni, 1 september og 1. november. Dersom nokon ynskjer å inngå avtale om direkte trekk frå konto ved forfall (Avtalegiro), må vedkomande ta med faktura som inneheld KID-nummer til sin bank, og skrive avtale der. Du kan og inngå avtale om eFaktura i nettbanken. Som eFaktura-referanse nyttar du kundenummeret på 5 siffer. Du finn dette på fakturaen.
Dersom kommunale avgifter vert betalt for seint, vert det krevd renter etter gjeldande satsar.

Bankkontonummeret som skal nyttast ved innbetaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt er
8601 42 36440.

Ved spørsmål vedrørande faktura ta kontakt med Marianne Slutås Sildnes på telefon 71 29 91 75.

Skatteoppkrever krev inn desse skatte- og avgiftsartane:Forskottstrekk
Forskottsskatt
Restskatt
Arbeidsgivaravgift
Førehandsskatt
Resterande skatt

Forskottsskatt skal betalast fire gonger i året, 15.03, 15.05,15.09 og 15.11.
Forskottstrekk og arbeidsgivaravgift har 6 betalingsterminar i året,
15.01, 15.03, 15.05, 15.07, 15.09 og 15.11.
Førehandsskatt skal betalast 15.02 og 15.04
Restskatt forfell til betaling tre veker etter utlegging av skattelista. Er restskatten minst
kr 1.000, forfell den til betaling i to like store terminar, første termin forfell tre veker etter utlegging av skattelista, andre termin forfell 5 veker seinare.
Resterande skatt skal betalast tre veker etter utlegging av skattelista.

Ved for sein betaling vert det berekna forseinkingsrenter av alle skatte- og avgiftsartane.

KID-nummer ved innbetaling av skattar og avgifter kan betaler sjøl berekne. Kid-nummer kan lagast ved å benytte kid-nummer modulen.
Kid-nummer må alltid nyttast ved betaling av arbeidsgivaravgift, forskottstrekk, påleggstrekk, restskatt, resterande skatt, tilleggsforskott, og forskottsskatt.

Kontonummeret ved slik innbetaling er for Fræna 6345 06 15481 og Eide 6345 06 15511.
Ved spørsmål, ta kontakt med:
Eva Gule Male på telefon 71 26 81 38 eller
Kari-Anne Lyngstad på telefon 71 26 81 35.
E-post: skatt@frana.kommune.no

Skatteattest Stadig fleire leverandørar krev skatteattest. Dette for å kunne finne ut om ei bedrift har betalingsproblem før dei inngår avtaler. Dersom skattar og avgifter er betalte, skriv vi ut skatteattest som viser at det ikkje er restansar til oss.

SkatteutvaletSkattekrav skal som hovudregel betalast. Nedsetting og/eller ettergjeving av skatt av rimelegheitsomsyn er unntak frå denne regelen og krev særskilt heimel i regelverket.
Dersom krava er oppfylt, kan det søkast til skatteutvalet om ettergjeving.

Lurer du på om du skal kontakte skatteoppkrevaren eller skattekontoret?
Dette kan du kontakte skatteoppkrevaren i kommunen om:
• Innbetalt forskottsskatt eller forskottstrekk
• Tilbakebetaling av skatt
• Betaling av restskatt

Dette skal du kontakte Skatteetaten om:
• Fastsetting av skattebar inntekt, frådrag, formue eller gjeld
• Berekning av skatten
• Skattekort eller utskreve forskottsskatt

Telefonnummeret til Skatteetaten er: 800 80000 

Publisert av Merete Rødal. Sist endret 20.02.2017 17:21
Fant du det du lette etter?