Starte bedrift eller relokalisere eksisterande bedrift i Fræna?

Går du med planar om å Starte eiga bedrift i Fræna? Ta kontakt men Hoppid.no-kontoret for Fræna på telefon 900 14 142 eller næringskonsulenten i kommunen på 712 68 110, - der vil du få hjelp til å komme vidare i etableringsprosessen. Kommunen har også oversyn over ledige næringstomter eller lokale.  

  Din næraste kontakt og vegleiar når du vil starte bedrift i Fræna kommune finn du på hoppid.no-kontoret for Fræna i Jon Rødal bygget nede ved sjøen mellom Felleskjøpet og Hustadmarmor. Du kan også ta kontakt med kommunen sin næringskonsulent, som held til på kommunehuset i Elnesvågen.

Du kan også finne ut mykje på eiga hand med bruk av internett eller telefon. På nettstaden Altinn kan du få svar på det meste innan etablering. Bedriftsveiledning er ei gratis telefonteneste der du kan få vegleiing frå bedriftsrådgjevarar på tlf: 800 33 840.

Innovasjon Norge har og kontor i alle fylke og gjev m.a. informasjon om støtteordningar. Næraste kontoret til innovasjon Norge finn du på fylkeshusa i Molde. Ellers finn du ei rekkje nyttige lenker og adressen nedanfor. Lokale og næringstomter Fræna kommune har lagt ut ei rekkje næringsområde for ulike føremål og med ulike kvalitetar og infrastruktur. Du finn oversyn over desse under "Næringstomter" i høgremargen.  

Ansvarlig Geir Tore Vestad. Sist endret 05.01.2015 14:11
Fant du det du lette etter?