Detaljregulering Haukås Øvre Aust

OPPSTART AV PLANARBEID

I medhald av § 12-8, i Plan- og bygningslova (plandelen) av 27. juni 2008, blir det gitt melding om oppstart av planarbeid for følgjande reguleringsplan - detaljregulering:

HAUKÅS ØVRE AUST

Formålet med reguleringa er å leggje til rette for bustadbygging på område B 313, samt å rydde opp i tilstøytande område.

Området er i hovudsak lagt ut til bustadbygging i kommuneplanen sin arealdel.

Omtrentleg avgrensing av området er vist på vedlagde kartutsnitt.

Eventuelle merknader kan sendast til: Fræna kommune, teknisk forvaltning - plan, Tingplassen 1, 6440 Elnesvågen eller på mail til: postmottak@frana.kommune.no, innan 26.01.18.

Eventuelt forslag til reguleringsplan - detaljregulering vil bli handsama av Det faste utvalet for plansaker (PLØK), som vil ta stilling til om forslaget skal leggjast ut til offentleg ettersyn.  Alle innspel vil bli vurdert og kommentert i saksframlegget til PLØK. Det blir normalt ikkje gitt skriftleg svar på innspela utover dette.

Vedlegg: