Heimebaserte tenester

Heimebaserte tenester består av Lundhaugen omsorgssenter, Auretunet omsorgssenter, ulike bufellesskap for personar med psykisk utviklingshemming, butilbod innan psykisk helsevern, heimeteneste, kreftkoordinator, brukarstyrt personleg assistanse (BPA) og dagtilbod.

Søknadskjema for tenester, omsorgsbolig eller dagsenter finn du på Fræna kommune si heimeside eller ved å kontakte sørviskontoret.
 

Einingsleiar Karianne Naas Vestavik har kontoradresse på Rådhuset i Elnesvågen.

Heimetenesta
Heimetenesta for heile kommunen har kontor i andre etasje på Senter Vest i Elnesvågen.
Vi yt tenester til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad. Heimetenesta er bemanna med sjukepleiarar og fagarbeidarar, og vi har i tillegg dyktige vikarar som hjelper oss i periodar med ferieavvikling og sjukefråver.

Soneleiar: Torill Tungehaug

Mobil 907 47 363

Nestleder: Hege Strand

Mobil: 908 97 290

Auretunet omsorgssenter
Auretunet består av ni samlokaliserte omsorgsboligar med felles opphaldsrom. Det er eit omsorgssenter som ligg flott til i Svaneveien i Aureosen. Boligane vert tildelt for leige etter søknad til Forvaltningskontoret, og kan leigast av eldre o.a. med fysisk eller psykisk funksjonshemming. Senteret er døgnbemanna og har dagsentertilbud. Det er høve til å få fellesmåltid dersom ein ønskjer det. Alle tenester ein treng i boligen, vert tildelt etter søknad og fortløpande vurdert.

Soneleiar: Torill Tungehaug

Mobil: 907 47 363


Lundhaugen omsorgssenter
Lundhaugen omsorgssenter ligg idyllisk til midt i Bud sentrum. Omsorgssenteret er butilbod for personar med behov for heildøgns omsorg og oppfølging. Lundhaugen består av 17 leiligheter samla i eit felles bygg, og har døgnbemanna personalbase. Ein har dagtilbud for bebuarar og heimebuande i sona ved Hagekroken dagsenter som er åpent fire dagar i veka. Søknadskjema for omsorgsbolig eller dagsenter finn du på Fræna kommune si heimeside eller ved å kontakte sørviskontoret.

Soneleiar: Else Marie Skotheimsvik
Telefon: 712 66 530/93 29 92 96

Kreftkoordinator
Kreftkoordinatoren skal gje eit tilbod til alle kreftsjuke og deira pårørande i kommunen. Kreftkoordinatoren sine oppgåver vil vere mange og utfordrande, noko som speglar seg i den komplekse situasjonen som kreftpasientane er i. Kreftpasientar og deira pårørande må forhalde seg til mange instansar og forskjellige mennesker i ein sårbar og vanskelig fase i livet. Vi ønskjer at dette tilbodet skal skape større tryggleik og betre livssituasjonen for kreftpasientar og pårørande. Kreftkoordinatoren vil bidra til betre koordinering og oppfølging, noko som vil bidra til å styrke kvaliteten på kreftomsorga i kommunen. Dette er også i tråd med måla i Samhandlingsreforma, kor kommunane har fått eit større ansvar for behandling, rehabilitering, oppfølging og ikkje minst førebygging av sjukehusinnleggingar.

Kreftkoordinatorenes funksjon inneber:

  • Å koordinere hjelp og tenester til det beste for kreftpasientar og deira pårørande.
  • Rådgivning og veiledning til kreftpasientar og pårørande relatert til pasientens diagnose, behandling, rehabilitering og lindrande omsorg. Det vere seg ved telefonkontakt og /eller heimebesøk etter avtale.
  • Nært samarbeid med relevante samarbeidspartnarar i kommunane; for eksempel fastlegar, helsesøstre, NAV, folkehelsekoordinator. Nært samarbeid med personale på sjukeheim og i heimetenesta. Tverrfaglig samarbeid med anna personell kor det er behov; fysioterapeut, sosionom, ergoterapeut, prest.
  • Sikre oppfølging av barn og unge som pårørande.
  • Nært samarbeid med spesialisthelsetenesta som skal bidra til å sikre ein god flyt for pasient og pårørande i overgangane mellom kommune og sjukehus, bl.a. kontinuerlig kontakt med palliative team og kreftpoliklinikk.
  • Stimulere til kreftførebyggjande tiltak i kommunane.
  • Sørgje for gode rutiner for kontakt og oppfølging av etterlatte.
  • Ha oversikt over pasientforeningar og frivillige, og samarbeide med desse.

Pasienten sjølv, pårørande eller personell ved aktuelle avdelingar/ instansar kan ta kontakt med kreftkoordinatoren. Tilbudet er frivillig, og det er opp til pasienten sjølv å avgjere om og i kva for grad kreftkoordinatoren skal bistå. Kreftkoordinator er altså også tilgjengeleg for pårørande som treng råd eller nokon å snakke med.


Kontaktinformasjon:
Kreftkoordinator Bente Winsjansen, tlf. 902 35 651 er tilgjengeleg tirsdag, onsdag og torsdag kl. 0730-1500. Ellers etter avtale. 

Bustader for personar med utviklingshemming og/eller psykiske lidingar
Vi yt tenester til personar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Fræna kommune har 32 leiligheter som er leigd ut til denne målgruppa. Fleire leiger også på den private marknaden, eller kjøper/byggjer hus eller leilighet sjølv. Alle har rett til teneste, uavhengig av kor dei bur.

Knausvegen er ein bustad med fire leiligheter på Tornes.

Soneleiar: Kjersti Gjendemsjø, tlf 71 26 94 55

Haukås ligger i Øvre Haukåsveg, og omfattar 11 leiligheter.

Soneleiar: Ann Marit H. Aakvik, tlf  71 26 72 30

Hestehovvegen 38 er ein bustad med fire leiligheter i Elnesvågen.

Soneleiar: Inger Haukås, tlf 71 26 71 18

Holalia/Hestehovvegen 14 er to samlokaliserte bustader som ligg ved sidan av kvarandre. Det er til saman ni leiligheter der.

Soneleiar: Monica Sortehaug, mobil 480 50 937

Eidem er butilbod for personar med psykiske lidingar, og huset har fire leiligheter for langtidsleige og ein korttidsplass.

Soneleiar: Stine Rødal Gaasø, tlf 71 26 01 99

Dagtilbod

I Fræna kommune finns fleire dagtilbod:

Aktivitetshuset er primært for personar med utviklingshemming/nedsett funksjonsevne

Hagekroken på Lundhaugen omsorgssenter

Auretunet dagsenter

Solstua på Fræna sjukeheim og omsorgssenter

Kaffistova på Farstad aldersheim

Sone Soneleiar Telefon E-post
Soneinndeling Heimebaserte tenester
 

Heimetenesta og Auretunet

Torill Tungehaug 90747363 torill.tungehaug@frana.kommune.no
Lundhaugen omsorgssenter Else Marie Skotheimsvik 71266530

else.marie.skotheimsvik@frana.kommune.no

Eidem Stine Rødal Gaasø 71260199 stine.rodal.gaaso@frana.kommune.no
Knausvegen Kjersti Gjendemsjø 71269455

kjersti.gjendemsjo@frana.kommune.no

Haukås Ann Marit H Aakvik 71267230 ann.marit.aakvik@frana.kommune.no
Holalia/Hestehovvegen 14 Monica Sortehaug 71265944/71262422 monica.sortehaug@frana.kommune.no
Hestehovvegen 38 Inger Haukås 71267188 inger.haukaas@frana.kommune.no
Einingsleiar Karianne Vestavik 71268100 karianne.vestavik@frana.kommune.no

Logo - Klikk for stort bilde

Publisert av Karianne Vestavik. Sist endret 28.02.2017 11:04
Fant du det du lette etter?