Byggesak

Den kommunale sakshandsaminga vert regulert av plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og forvaltningslova. Arealplanar og vedtekter er i tillegg ein viktig del av det juridiske grunnlaget for sakshandsaminga.

Kommunens byggesaksavdeling skal på dette grunnlaget ivareta samfunnsinteressene knytt til ei byggesak. Tiltakshavar og nabo-/lokalmiljø skal få sine interesser vurdert og søknadar behandla i tråd med god forvaltningsskikk, og i samsvar med regleverk og gjeldane kommunale vedtak.

Byggesaksavdelinga skal gjennom sitt arbeid bidra til at  byggverk vert planlagt, utført og vedlikehalde slik at dei er eigna for den bruk dei er tiltenkt og godkjent for. Kommunen skal også føre tilsyn med at byggebransjens system for kontroll sikrar at viktige offentlege krav til bygget vert halde.

1.Er tiltaket søknadspliktig?

Før man startar eit byggearbeid må ein avklare om tiltaket er søknadspliktig i etter gjeldane lover og reglar. Er ein i tvil, kan Sørviskontoret vere til stor hjelp. 

Arbeid som ikkje krev søknad om løyve

MERK: Arbeid som er unnateke søknad må være i samsvar med Plan- og bygningsloven og vedtekter gitt i medhald av den, mellom anna arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan) og kommunale vedtekter. Informasjon om gjeldande regelverk får du på Sørviskontoret. Vær særleg merksam på at mindre frittliggjande bygningar (eks. leikestue) må være plassert minst 4 meter frå nabogrense for å være unnateke frå søknad.

Arbeid som krev søknad om løyve og som kan byggast av tiltakshavar
Søknaden skal sendast inn og arbeida kan utførast av privatperson/tiltakshavar.

Øvrig arbeid som krev søknad om løyve
Søknad må sendast inn og arbeide må utførast av føretak som er godkjent av kommunen som ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande.

Generell informasjon og veiledning til søknadsprosessen finner du her
Dersom du fortsatt er i tvil kan Sørviskontoret hjelpe med å svare på spørsmål og eventuelt sette deg i kontakt med byggesakhandsamarar.

2. Situasjonskart

Situasjonskart vert krevd i dei fleste sakene og inneheld viktige opplysningar om planvedtekter for område. 

Naboliste kan tingast elektroniskmot betaling her. Alternativt kan du besøke Sørviskontoret og få utskrevet kart og nabolister og betale der. Dei har betalingsterminal. Situasjonskart er gratis, naboliste kostar kr 350.

3. Søknad om løyve

Søknaden skal fyllast ut og sendast kommunen. Dersom det er feil eller eventuelle manglar vil du få eit orienteringsbrev med ein gitt frist for å rette feila i søknaden.

Tidsfristar

4.Byggjearbeida

Når du har motteke løyve kan byggjearbeida settast i gang. Tiltakshavar og føretaket som har søkt og fått ansvarsrett er ansvarleg for at arbeida blir utført i tråd med krav gitt i eller med heimel i plan- og bygningsloven.

Kommunen kontrollerar ikkje kvart enkelt tiltak, men vil gjennom tilsyn ta stikkkontrollar i enkeltsaker. Det vert også ført kontroll med føretaka med gjennomgang av system og rutinar.

Alle søknadsskjema finn du her.

Publisert av Merete Rødal. Ansvarlig Rune Iversen. Sist endret 14.09.2017 10:29
Fant du det du lette etter?