Barnevern

Barnevernstenesta finn du på Rådhuset.

Kontaktinformasjon

Telefon:
Sentralbord 71 26 81 00
Alarmtelefon utenom åpningstid: 116 111(nasjonalt nødnummer for barn og unde som lever med vold, overgrep og omsorgssvik)

E-postadresse:
barnevern@frana.kommune.no

Postadresse: 
Fræna kommune
Barnevern
Tingplassen 1
6440 Elnesvågen

Kva er barnevernet?
Barnevernet sitt ansvar og arbeidsoppgåver finn ein i barnevernlova.

Frå 01.01.1993 gjeld ny lov om barneverntenester (Lov av 17.juli 1992 nr. 100).

Formålet med lov om barnevern er:

  • Å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
  • Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Barnevernet har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna, verne barn mot omsorgssvikt og sørge for at ingen barn skal lide fysisk og/eller psykisk overlast.

Blir barnevernet kjent med slike forhold, har det ei lovpålagt plikt til straks å undersøke korleis barnet har det.

Barneverntenesta har plikt til å gå gjennom alle meldingar snarast og seinast innan ei veke. Nærare undersøking av meldinga skal skje innan ein frist på 3 mnd. Ei undersøking skal føre frem til ein konklusjon ved enten å henlegge saka, sette i verk hjelpetiltak, eller å foreslå å overta omsorga for barnet. Barneverntenesta gir også råd og veiledning. 

Barnevernet har hovedansvar for barn som lider overlast. Det betyr ikkje at barnevernet alltid skal arbeide åleine om oppgåva. Andre offentlege instansar og fagpersonar har også eit ansvar for at barn og familiar som treng det, kan få hjelp.

Adopsjon
Sak om adopsjon skal førebuast av barneverntenesta i kommunen og vert avgjort av Bufetat. Se informasjonfra Bufetat her.


Melde saker til barnevernet
Sakene som vert meldt til barneverntenesta kjem oftast frå offentleg instans, helsestasjon, barnehage, skole, PPT o.s.b. Mange meldinger kjem også fra foreldre eller barna.

Alle meldingar vert vurdert, og dersom det er grunn til det, vert dei undersøkt nærare. Gjennomgang av ei melding tek i første omgang sikte på å få nærare kjennskap til kva som ligg til grunn for meldinga.

Dersom offentleg tilsette har grunn til å tro at eit barn vert utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, har dei plikt til å melde saka vidare til barnevernet. Offentlege tenestemenn kan ikkje då kreve anonymitet.

Private bør ta kontakt med barneverntenesta når dei meiner eit barn lider overlast.

Meldingar skal gjennomgåast av barneverntenesta innan ei veke etter mottak.

Når skal barnevernet gi hjelp etter lova?
I Norge er omsorg/oppseding av barn foreldra sin rett og plikt. Skal offentleg instans gripe inn i dette forholdet, må det vere heimel i lov. Barnevernlova og forvaltningslova inneheld dei viktigaste reglane om dette. Alle avgjerder er imidlertid forbunde med utstrakt bruk av skjønn.

Til beste for barnet
Eit overordna prinsipp for barnevernet sitt arbeid er at tiltak som vert sett i verk, skal vere til barnets beste. Det hender at barn og foreldre har motstridande interesser, og då er det hensynet til barnet som vert avgjerande. Dette er nedfelt i barnevernlova. Barnevernet skal likevel alltid prøve å få foreldra til å samarbeide om dei tiltaka som vert tilrådd.

Barnevernet har plikt til å gripe inn når:

  • ”Barnet på grunn av forholdene i hjemmet eller av andre grunner har særlig behov for et hjelpetiltak.
  • Det er alvorlige mangler ved den daglige omsorgen som barnet får, eller alvorlig mangler ved den personlige kontakt og trygghet som det trenger etter sin alder og utvikling.
  • Foreldrene ikke sørger for et sykt, funksjonshemmet eller spesielt hjelpetrengende barn får dekket sitt særlige behov for behandling og opplæring.
  • Barnet blir mishandlet eller utsatt for andre alvorlige overgrep i heimen.
  • Det er overveiende sannsynlig at barnets helse eller utvikling kan bli alvorlig skadd fordi foreldrene er ute av stand til å ta tilstrekkelig ansvar for barnet.
  • Barnet har vist alvorlige atferdsvansker.
  • Ved alvorlige eller gjentatt kriminalitet.
  • Ved vedvarende misbruk av rusmidler.


Blir barnevernet kjent med slike forhold, har det plikt til straks å foreta nærmere undersøkelser. ”

Førebyggande tiltak
Som regel er det best for barnet å vokse opp i sin eigen heim. Barnevernet skal difor alltid først vurdere om det er mulig å hjelpe familien til å fungere betre ved førebyggande tiltak.

Førebyggande tiltak kan være:

  • ”Råd og veiledning til familien, for eksempel ved å tilby heimekonsulent, foreldreveiledning, konomisk støtte til barnet slik at barnet kan delta i fritidsaktiviteter og lignende.
  • Avlastning ved å gi plass i barnehage, skolefritidsordning og besøkshjem.


Besøksheim
Ein besøksheim vert brukt til barn og unge som støtte i ein overgangsperiode. Omfang og aktivitetar kan vere ulike avhengig av kva slags avtale som vert gjort

Barneverntenesta er interessert i å få fleire besøksheim og støttefamiliar. Det vert ikkje sett krav til utdanning, det vert betalt økonomisk godtgjørelse.

Plassering utanfor heimen
Det er først når førebyggande tiltak ikkje fører fram at det kan vere aktuelt å plassere barnet utanfor heimen. Dette kan skje med eller utan foreldra sitt samtykke.

Hvis barneverntenesta og foreldra er einige om at barnet for ei tid skal plasserast utanfor heimen, kan det skje uten at barneverntenesta formelt tek over omsorga for barnet. Omsorgsovertaking er ei stor og tung avgjerd å ta både i høve barnet og foreldra. Det bør derfor ligge føre vektige grunnar før ein tilrår slike vedtak. Sak om omsorgsovertaking skal førebuast av barneverntenesta i kommunen og vert avgjort av fylkesnemnda. Ved omsorgsovertaking vert det også vurdert om barnet skal plasserast i forsterheim eller i barne- og ungdomsheim. Det blir alltid vurdert om barnet kan plasserest i barnets familienettverk. 

Fosterheimstenesta i Bufetat (Barne, familie -og ungdomsetaten) er ansvarleg for å rekruttere fosterheimar til barn og ungdom som av ulike årsaker må flytte frå heimen. Vi har til ei kvar tid behov for ulike typer av heimar, og særleg heimar som kan ta i mot barn og unge over 10 år. Fosterheimstenesta har ei heimeside; www.fosterhjem.no/molde , der vi veit at mange potensielle fosterforeldre er inne på. Vi ønsker å syne oss fram i alle kommuane, og ber dykk difor om å legge ein link på dykkar heimeside i kommunane.

Publisert av Siw Marika Johansen. Sist endret 11.01.2016 11:08
Fant du det du lette etter?