Alle over 18 år kan få bustønad. Studentar utan barn og personer som avtener verneplikt/sivilteneste, kan ikkje motta bustønad. Er studiet eit ledd i eit offentleg arbeidskvalifiserande tiltak, kan du likevel søkje.
Du kan søkje bustønad til bustad du leiger eller eiger. Vær oppmerksam på at du må vere busett i husstanden du søker støtte til, og det er eit krav at du er registrert som busett i Folkeregisteret.
Kor mykje bustønad du kan få, er avhengig av kor mange dykk er i husstanden, dei reelle bustadutgiftane og inntektane. Det er satt ein nedre og ein øvre grense for kor mykje støtte du kan få. Bustønadkalkulatoren kan gi deg ein pekepinn på om du kan få støtte eller ikkje, lenke til denne finn du under "nyttige lenker".
Kommunen og Husbanken samarbeider om ordninga. Kommunen tar imot alle søknader, behandlar dei og registrerer dei. Det er også kommunen som har all kontakt med søkjaren. Husbanken fattar maskinelle vedtak og utbetaler bustønad. Det er også Husbanken som behandlar klagane.
Korleis søkje?
Det er enkelt og ubyråkratisk å søkje om bustønad. Fyll ut søknadsskjemaet for bustønad og legg ved dokumentasjon på bustadutgiftane. Opplysningar om inntekta innhentas frå likningsregisteret. Har du inntekt som ikkje kommer fram på norsk likning, må du også dokumentere desse.
Får du eit positivt vedtak om bustønad, treng du ikkje søkje på nytt månaden etter. Men du plikter å melde i frå om endringar som kan ha betydingar for berekningane.
Søknadsfrist er 14. i kvar månad og utbetaling er ca. 10. i månaden etter.
Vil du vite meir om bustønad? Klikk deg inn på Husbanken si heimeside eller sjå nyttige lenker under denne artikkelen.
Nyttige Lenker