Økonomi og skatt

Økonomi og skatt

Avdeling for økonomi og skatt krev inn skattar og avgifter for Staten, Fylket og Kommunen.
Det er ulike lover, forskrifter og vedtekter som regulerer dei ulike skatte- og avgiftsartane. Ved innbetaling må ein difor oppgje kva slags skatt eller avgift det gjeld.

Seksjon for økonomi krev inn: Kommunale avgifter og eigedomsskatt (for verker og bruk).

Krav på kommunale avgifter vert sendt to gonger i året. Forfall vert sett til omkring 1. mai og 1. november. Dersom nokon ynskjer å inngå avtale om direkte trekk frå konto ved forfall (Avtalegiro), må vedkomande ta med faktura som inneheld KID-nummer til sin bank, og skrive avtale der. Du kan og inngå avtale om eFaktura i nettbanken. Som eFaktura-referanse nyttar du kundenummeret på 5 siffer. Du finn dette på fakturaen.
Dersom kommunale avgifter vert betalt for seint, vert det krevd renter etter gjeldande satsar.

Eigedomsskatt har forfall 01.04 og 01.10.

Bankkontonummeret som skal nyttast ved innbetaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt er 8601 42 36440.

Ved spørsmål ta kontakt med Kari Anne Rødal på telefon 71 29 91 43.

Seksjon for skatt krev inn desse skatte- og avgiftsartane:Forskottstrekk
Forskottsskatt
Restskatt
Arbeidsgivaravgift
Førehandsskatt
Resterande skatt

Forskottsskatt skal betalast fire gonger i året, 15.03, 15.05,15.09 og 15.11.
Forskottstrekk og arbeidsgivaravgift har 6 betalingsterminar i året,
15.01, 15.03, 15.05, 15.07, 15.09 og 15.11.
Førehandsskatt skal betalast 15.02 og 15.04
Restskatt forfell til betaling tre veker etter utlegging av skattelista. Er restskatten minst
kr 1.000, forfell den til betaling i to like store terminar, første termin forfell tre veker etter utlegging av skattelista, andre termin forfell 5 veker seinare.
Resterande skatt skal betalast tre veker etter utlegging av skattelista.

Ved for sein betaling vert det berekna forseinkingsrenter av alle skatte- og avgiftsartane.

KID-nummer ved innbetaling av skattar og avgifter kan betaler sjøl berekne. Kid-nummer kan lagast ved å benytte kid-nummer modulen (se lenke under).
Kid-nummer må alltid nyttast ved betaling av arbeidsgivaravgift, forskottstrekk, påleggstrekk, restskatt, resterande skatt, tilleggsforskott, og forskottsskatt.
Kontonummeret ved slik innbetaling er 6345 06 15481.
Ved spørsmål, ta kontakt med
Bjørg Østerbø på telefon 71 26 81 35 eller
Eva Gule Male på telefon 71 26 81 38.
E-post: skatt@frana.kommune.no

Skatteattest Stadig fleire leverandørar krev skatteattest. Dette for å kunne finne ut om ei bedrift har betalingsproblem før dei inngår avtaler. Dersom skattar og avgifter er betalte, skriv vi ut skatteattest som viser at det ikkje er restansar til oss.

SkatteutvaletSkattekrav skal som hovudregel betalast. Nedsetting og/eller ettergjeving av skatt av rimelegheitsomsyn er unntak frå denne regelen og krev særskilt heimel i regelverket.
Dersom krava er oppfylt, kan det søkast til skatteutvalet om ettergjeving.


Lurer du på om du skal kontakte skatteoppkrevaren eller skattekontoret?
Dette kan du kontakte skatteoppkrevaren i kommunen om:
• Innbetalt forskottsskatt eller forskottstrekk
• Tilbakebetaling av skatt
• Betaling av restskatt

Dette skal du kontakte Skatteetaten om:
• Fastsetting av skattebar inntekt, frådrag, formue eller gjeld
• Berekning av skatten
• Skattekort eller utskreve forskottsskatt

Telefonnummeret til Skatteetaten er: 800 80000 

Sist endret 26.03.2013