SKULEFRITIDSORDNING (SFO) 1. – 4. ÅRSTRINN

I Fræna blir det gitt tilbod om skulefritidsordning (SFO) i skuleåret (10 mnd.)for elevar på      1. – 4. årstrinn (elevar med nedsett funksjonsevne 1. – 7. årstrinn) ved desse skulane:

  • Aureosen skule

  • Sylte skule

  • Haukås skole

  • Tornes skule

  • Bud barne- og ungdomsskule

  • Hustad barne- og ungdomsskole

Samordna ferietilbod ved Haukås skole: I juni etter skuleslutt, august før skulestart og haust og vinterferie.

Informasjon om tilbodet kan ein få ved å vende seg til den enkelte skulen eller til sørviskontoret i kommunen.


SØKNADSFRIST ALLE SFO-TILBODA I FRÆNA: 1. APRIL

SFO er open alle skuledagar (190 dagar). Ferietilbod (SFO-tilbod i haust- og vinterferie, etter skuleslutt i juni og før skulestart i august) blir samordna og lagt til Haukås skole.

Det vil bli gitt nærare informasjon frå den enkelte skule om innhald og rutinar i
SFO-tilbodet ved skulen.


OPNINGSTIDER:
Dagleg opningstid blir fastsett på den enkelte skulen innanfor tidsramma kl. 07.00 – kl. 16.30.

Tilbod i skuleåret:

5 dagar/veke
4 dagar/veke
3 dagar//veke
2 dagar/veke
1 dag/veke

OPPHALDSBETALING
Kommunestyret fastset satsar for foreldrebetaling i SFO. Det blir gitt søskenmoderasjon og ferietilbod. Sjå her for satsar.

OPPSEIING
Til den einskilde skule. Oppseiingstida er på 3 mnd.

VEDTEKTER
Kommunale vedtekter (PDF, 26 kB) for SFO vart fastsett av Fræna kommunestyre i møte 30.09.04


Til skjema her

Fant du det du lette etter?