Sambuarskap

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektefellar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på einskilde område og som einslege på andre.

Om sambuarar blir behandla likt med ektefellar eller ikkje, blir avgjort innanfor dei respektive regelverka. Det same gjeld kven som reknast som sambuarar (sambuardefinisjonen). På enkelte område er sambuardefinisjonen avgrensa til sambuarar med felles barn. På andre område blir òg sambuarar utan felles barn inkludert, men slik at det vanlegvis blir stilt krav til at samlivet skal ha vara ei viss tid.

I barnelova er ektefellar og sambuarar likestilte. Dette gjeld m.a. etablering av foreldreansvar, rettar og plikter for barn og foreldre ved barnefordeling og samvere. Tilsvarande ved mekling ved brot når partane har barn saman. Stortinget vedtok i 2005 endringar i barnelova som gav sambuande foreldre automatisk felles foreldreansvar for felles barn. Sambuarar med felles barn under 16 år må òg møte til mekling ved samlivsbrot. Dette følgjer av barnelova. For å få rett til utvida barnetrygd (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) etter brot mellom sambuarar, må det leggjast fram meklingsattest.

Hovudregelen på det økonomiske området er at kvar av partane i eit sambuarskap blir rekna som einslege. Regelverket byggjer på at sambuarar kan regulere dei økonomiske tilhøva sine gjennom avtaler. Sambuarar har inga forsytingsplikt for kvarandre, i motsetning til ektefellar. Frå 1. juli 2009 har sambuarar med felles barn rett til ein avgrensa arv etter kvarandre og rett til å sitje i uskifte. Dette gjeld òg sambuarar som har hatt eller ventar barn saman. Sambuarar som ikkje har felles barn, har ingen arverett etter lova.


Fant du det du lette etter?