Språkopplæring - Særskilt for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen


Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskilt norskopplæring til dei har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Forutsett at det er eigna undervisningspersonale i kommunen, har slike elevar om nødvendig også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Tospråkleg fagopplæring tyder at det skal brukast både norsk og morsmålet for at elevane skal få ta del i skolen sine fag og område.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven går på.
Elevar som har rett til særskild norskopplæring, kan etter samråd med skolen velje mellom opplæring etter ein eigen læreplan i norsk som andrespråk for språklege minoritetar eller særskild norskopplæring etter den vanlege læreplanen i faget norsk.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen frå språklege minoritetar.

Kriterium

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk. 
  • Eleven har ikkje tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga.
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring).

Søknadsprosess


Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.


Handsaming
Saksbehandlingstid:
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjørast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemuligheit
Hvis kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket bir halde ved lag, går saka til klageinstansen.

Lover
Forskrifter
Retningslinjer
Fant du det du lette etter?