Fræna Frivilligsentral

Frivilligsentralen er ein møtestad som skal formidle kontakt mellom menneske i lokalmiljøet. I Fræna har vi om lag 150 frivillige lag og organisasjonar, og det blir i løpet av eit år utført frivillig arbeid i kommunen som tilsvarar 600 årsverk. La oss ta vare på frivilligheten i Fræna!

Fræna frivilligsentral er ein arena for ein sjøv og andre
Ønskjer du å oppleve gleda ved å gje av di tid og engasjement?
Vår oppgave er å formidle kontakt mellom dei som ønskjer å gjere noko for andre og for dei som ønskjer å motta ditt bidrag. 
Et treffsted for enkeltpersonar, lag og organisasjonar
Kva kan vi bidra med? Kom gjerne med idear og behov.

KVA ER FRIVILLIG INNSATS?

  • Frivillig innsats er ein ulønna innsats utanfor eigen familie i ein organisert eller avtalt sammenheng. Ein skal ikkje påførast utgifter i forbindelse med innsatsen.
  • All frivillig innsats betinger at det er sjølvalt, og ikkje eit resultat av press utanfrå.
  • Frivillig innsats er bærebjelken i organisasjonar og er derfor av stor betyding i samfunnet.
  • Frivillig innsats handlar om å gje og få.
    Fleire unge fremhever dessutan ønskje om å lære som eit sentralt motiv for frivillig innsats.
  • Nokon treng hjelp mens andre ønskjer å hjelpe.

OPPGÅVER SOM KAN VERE AKTUELLE:

  • Snømåking
  • Enkelt hagearbeid
  • Handling på butikken
  • Følgje til lege/tannlege etc.
  • Leksehjelp etter skoletid
  • Internett Cafe for seniorer/PC hjelp for seniorer
  • Besøksven eller turven
  • Hjelp til regnskap, eller hjelp til å søkje om tilskot for lag og organisasjonar
  • Natteravnsordning
  • Anna?

Om du ønskjer meir informasjon, ta kontakt på telefon: 71 26 81 00 eller på e-post frivillighetssentralen@frana.kommune.no.
Til høyre finner du skjema som kan fyllast ut om du vil bli frivillig eller om du selv trenger hjelp. 
Dagleg leiar for frivilligsentralen er Anne Holen Helseth.

Fræna frivillgsentral holder til på Torget 10, 6440 Elnesvågen.

Kart
Fræna Frivillgsentral
Ansvarlig Anne Holen Helseth. Sist endret 07.09.2017 14:03
Fant du det du lette etter?