Ny i Fræna

Fræna | Fotograf: eik
Fræna fotograf eik

Velkommen til kommunen vår.

Kommunen satsar på eit godt tenestetilbod til alle innbyggjarane, og vi ser gjerne at du tek tilboda våre i bruk. Sørviskontoret på kommunehuset kan hjelpe deg med det du treng av informasjon om dei ulike tilboda. Kommunen har laga eit eige informasjonshefte der du kan lese meir om både det kommunale tenestetilbodet, kulturlivet, samtarbeid og næring. Kontakt Sørviskontoret, så sender vi eit til deg.  
Fræna er i vekst og har eit variert og ekspansivt næringsliv, gode kommunale tenester, trygge oppvekstvilkår og mange høve til friluftsliv og kulturelle aktivitetar.  Dette gjer oss til ein attraktiv kommune å bu i. I tillegg har vi to byar i nærleiken, Molde i sør og Kristiansund i nord. Fræna ligg sentralt i høve til dagleg pendling til begge regionane.

Vi ynskjer deg velkommen til naturopplevingar i ein kommune med naturen rett utanfor døra.

Fræna- mulegheitenes kommune

Helsing 

Per Øvermo                                                               Rådmann                                                                  

Sist endret 03.04.2013