Reglement for godtgjersle til folkevalde i Fræna kommune

Kommunevåpen Fræna kommune
Kommunevåpen Fræna kommune


Publisert av Merete Rødal. Ansvarlig Kirsti Eide. Sist endret 25.01.2013

1.FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER

1.1 GODTGJERSLE TIL ORDFØRAR- HEILTID

Årleg godtgjersle (lønn) skal tilsvare 9 G (G= folketrygda sitt grunnbeløp). Justering av godtgjersla skjer frå 01.01. på grunnlag av G pr. 01.05. året forut. Dette tilsvarer frå 01.05.2012 kr. 739 098- pr. år.

Godtgjersla til ordførar vert fordelt over 12 månader med 1/12 kvar månad. Det vert ikkje betalt ut feriepengar, men ordførar skal ha rett til å avvikle ferie tilsvarande det som kommunalt tilsette har. Plan- og økonomiutvalet vert å sjå som næraste overordna for avtale om ferie.

Det vert ikkje utbetalt godtgjersle for andre kommunale verv.

Ordførar skal ha rett til sjukelønsordning på lik line med fast tilsette i kommunen.

Ordførar skal vere innmeldt i den kommunale tenestepensjonsordninga (ordning for tillitsvalde) og i den kommunale gruppelivforsikringa (ytingar til etterlatne ved dødsfall).

Ordførar har rett til skyss- og kostgodtgjersle på lik line med kommunale arbeidstakarar. Det vert ikkje gitt skyssgodtgjersle m.m. for reise mellom heim- og arbeidsstad (kommunehuset)

Ordførar skal ha rett på ettergodtgjersle i inntil 1 ½ månad dersom vedkomande har ein jobb eller pensjon å kome attende til etter slutta teneste og inntil 3 månader dersom vedkomande ikkje har jobb eller pensjon å kome attende til etter slutta teneste.

1.2 GODTGJERSLE TIL VARAORDFØRAR

Årleg godtgjersle til varaordførar skal tilsvare 20 % av ordførar sin godtgjersle. Godtgjersla vert betalt ut over 12 månader med 2/12 kvar månad.

Varaordførar har ikkje rett til ordinær møtegodtgjersle for deltaking i kommunale møter, men rett til tapt arbeidsforteneste, gruppeleiargodtgjersle og overformyndargodtgjersle dersom dette er aktuelt.

Dersom varaordførar trer inn i stedfortredarteneste t.d. v. sjukdom, permisjon for lengre tid, skal varaordførar ha den same godtgjersle som ordføraren.

1.3 GODTGJERSLE TIL GRUPPELEIARAR

Gruppeleiarar i kommunestyret skal ha ein fast årleg godtgjersle som tilsvarar 1 % av ordførar si løn pluss eit tillegg på 0,25 % pr. representant dei er gruppeleiar for. Godtgjersla vert betalt ut i halvårlege terminar.

1.4 LEIAR FOR OVERFORMYNDERIET

Leiar i overformynderiet skal ha ei fast årleg godtgjersle på 2,5 % av løn til ordførar.

2. MØTEGODTGJERSLE

Dei kommunale nemnder, råd og utval vert delt inn i tre. Dette er:

Gruppe 1:
Kommunestyret
Plan- og økonomiutvalet/formannskapet
Driftsutvalet
Administrasjonsstyret

Møtegodtgjersle for møte i gruppe 1 vert gitt med 1,0 ‰ pr. møte av ordførar sin godtgjersle.

Gruppe 2:
Arbeidsmiljøutval
Viltnemnd
Kontrollutval
Skatteutval
Skattetakstnemnd eigedomsskatt
Overskattetakstnemnd eigedomsskatt
Overformynderi
Plan- og byggenemnd
Klagenemnd
Ad-hocutval

Møtegodtgjersle for møte i gruppe 2 vert gitt med 0,75 ‰ pr. møte av ordførar sin godtgjersle.

Gruppe 3 Andre faste utval valt av kommunestyret eller andre folkevalte organ:

Likestillingsutval
Eldreråd
Råd for funksjonshemma
Grendautval
Kommunen sin representant i samarbeidsutval ved grunnskoler og kommunale barnehager
Ev. andre politisk oppnemnte organ/ombod

Møtegodtgjersle for møte i gruppe 3 vert gitt med 0,5 ‰ a pr. møte av ordførar sin godtgjersle.

Fleire møte same dag:
Dersom ein representant deltek på fleire møter same dag, med kort mellomrom, vert det berre betalt ut ein møtegodtgjersle. (den høgste) (T.d. når det er Plan- og økonomimøte føre eit kommunestyremøte eller at det er både formannskapsmøte og plan- og økonomiutvalsmøte)

Møtegodtgjersle vert ikkje betalt til offentleg tilsette som møter i samband med den stillinga dei har, og der deltaking i utvals-arbeidet vert å sjå som ein naturleg del av deira arbeidsoppgåver.

3. LEIARGODTGJERSLE

Leiar i utval, både i gruppe 1, 2 og 3 skal ha dobbel møtegodtgjersle. (ikkje overformynderiet, som har fast årleg godtgjersle)

Dersom leiar har forfall skal fungerande møteleiar ha utbetalt leiargodtgjersla.

4. ERSTATNING FOR TAPT ARBEIDSINNTEKT, UTGIFTER TIL STEDFORTREDAR M.M.

Dersom den folkevalde har tap i arbeidsinntekt eller utgifter til stedfortredar, som følgje av vervet som kommunalt ombod, har den folkevalde krav på erstatning. Den folkevalde må sjølv fremme krav om slik erstatning på eige skjema, umiddelbart etter kvart tilfelle.

Krav om tapt arbeidsforteneste skal fremmast for rådmannen som handsamar. Dersom det er tvil om kravet eller det har ei prinsipiell side, vert kravet lagt fram for Plan- og økonomiutvalet til avgjerd.

4.1 LEGIMITERT TAPT ARBEIDSINNTEKT

Legitimerte utgifter for tapt arbeidsinntekt kan erstattas med inntil 1 dagløn for ordførar. (Dagløn vert årslønn/260)

Som dokumentasjon må føreligge attestasjon frå arbeidsgivar. Det skal ikkje reknast inn feriepengar i kravet, då dette vil bli utbetalt av kommunen.

Sjølvstendig næringsdrivande må legge fram dokumentasjon på at kravet er reelt.

4.2 ULEGITIMERT TAPT ARBEIDSINNTEKT

Ulegitimert tapt arbeidsinntekt kan erstattast med inntil ½ dagløn for ordførar pr. dag. Kravet lyt sansynleggjerast ved eigenerklæring /rekning frå den folkevalde. Det vert som hovudregel ikkje gitt erstatning for forsømt arbeid ut over ordinær arbeidstid (kl. 08.00 - 16.00)

4.3 UTGIFTER TIL STEDFORTREDAR OG OMSORGSARBEID

Den som, som følje av vervet, får ekstra utgifter til leige av stedfortredar, barnepass, stell av sjuke og eldre, får erstatning for dette. Det lyt leggast fram kvittering ev. eigenerklæring. Namn på den som har utført stedfortredarteneste må gå fram av kravet. Slik erstatning kan også gis ut over vanleg arbeidstid, dvs. etter kl. 16.00.
Det vert ikkje ytt godtgjering i den grad det er eigne familiemedlemmar som har ytt tenestene. (T.d. dersom sambuar passa barna eller større søsken passar minstemann)

5. SKYSS- OG KOSTGODTGJERSLE

Folkevalde har krav på skyss- og kostgodtgjering etter kommunen sitt reiseregulativ.

6. YMSE

For deltaking på frivillige kurs, synfaringar, møter o.l. vert det ikkje gitt møtegodtgjersle eller tapt arbeidsforteneste.

Det lyt avtalast med ordførar eller rådmann på førehand om skyss, kost og ev. overnattingsgodtgjersle vert gitt. Det same gjeld også for deltakaravgift og andre reiseutgifter.

Arbeidsgodtgjersle for dei folkevalte gjeldande frå 01.05.2012
Arbeidsgodtgjersle for dei folkevalte gjeldande frå 01.05.2012
VERVSATS I %- ‰
1. FASTE ÅRLEGE GODTGJERSLER
Varaordførar20%
Ordførar9G=100%
Gruppeleiarar i kommunestyret1% + 0,25% pr. representant
Leiar i overformynderietEgen avtale
2. MØTEGODTGJERSLESATS I ‰
Gruppe 1:
Kommunestyret1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Driftsutvalet1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Plan og økonomiutvalet/Formannskapet1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Administrasjonsstyret1,0 ‰ av godtgj. ordførar pr. møte
.
Gruppe 2:
Arbeidsmiljøutval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Viltnemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Kontrollutval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Skatteutval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Skattetakstnemd eigedomsskatt0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Overskattetakstnemd eigedomsskatt0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Overformynderi0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Plan- og byggenemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Klagenemnd0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Ad-hoc-utval0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
.
Gruppe 3: Andre faste utval valt av kommunestyret:
Likestillingsutval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Eldreråd0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Råd for funksjonshemma0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Grendautval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Kommunal repr. samarbeidsutval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Ev. andre utval0,50‰ av godtgj. ordførar pr. møte
.
3 LEIARGODTGJERSLESATS I ‰
Gruppe 1 ekstra pr. møte1,0‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Gruppe 2 ekstra pr. møte0,75‰ av godtgj. ordførar pr. møte
Gruppe 3 ekstra pr. møte0,50‰ av godtgj. ordførar
Leiargodtgjersla vert betalt ut til stedfortredar dersom leiar har forfall
4. TAPT ARBEIDSFORTENESTESATS I ‰
.
Legimitert tapt arbeidsfortenesteInntil 1 dagsløn for ordførar: 739 098/260
Ulegitimert tapt arbeidsfortenesteInntil 1/2 dagsløn for ordførar: 739 098/260
Utgifter til stedfortredar, omsorgsarbeid, barnepassInntil 1/2 dagsløn for ordførar: 739 098/260
.
5. SKYSS- OG KOSTGODTGJERSLE
Kommunens reiseregulativ