Nils Johan Gjendem (Frp) 2007
Ordførar Nils Johan Gjendem
Henry Ståle Farstad, H.
Varaorførar Henry Ståle Farstad

Ordførar


Publisert av Merete Rødal. Sist endret 25.01.2013
Nils Johan Gjendem er ordførar i Fræna kommune i perioden 2011-2015.

Ordføraren kan du møte kvar dag i kommunehuset i Elnesvågen. Ring på førehand for å gjere avtale om møtetid.

Nils Johan Gjendem representerer Fremskrittspartiet.
Ordføraren har i følgje Kommuneloven som oppgåve å leie møta i formannskapet og kommunestyret. Han har møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men har berre røyste- og forslagsrett i fall han er valgt medlem. Det er ordføraren som er rettsleg representant for kommunen og skriv under på kommunen sine vegne (om ikkje mynde er delegert til andre).

Ordføraren har kontoret sitt i tredje høgda i kommunehuset i Elnesvågen. Han får her hjelp av stab/støtte-einingane i arbeidet sitt. Du når ordføraren på telefon 71 26 81 05.

Varaordførar

Varaordføraren er Henry Ståle Farstad som representerer Høyre
Varaordføreren leier formannskapet og kommunestyret i ordføreren sitt fråver. Varaordføraren har ikkje fast kontortid ved kommunehuset