Tilskot til avløysing ved sjukdom og tidlegpensjon for jordbrukarar.
Denne ordninga skal vere med på å finansiere avløysing når brukaren av «særlege grunnar» og for eit «kortare tidsrom» ikkje kan ta del i arbeidet på garden. Ordninga gjeld for bruk med husdyr, plante- / honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon. Det kan gjevast refusjon for avløysarutgifter ved sjukdom, svangerskap / fødsel, dødsfall, sjuke born og repetisjonsøving. Ein kan få refundert utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle inntil eit maksimalt beløp per dag og per landbrukseigedom.
Tidlegpensjonsordninga for jordbrukarar skal vere med å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk / gartneri og skogbruk. For å ha rett til tidlegpensjon må brukaren ha fylt 62 år, og ha vore jordbrukar i minst 15 av desse. Inntekta frå landbruket må ha utgjort ein viss minstesum og over ein viss del av brukaren sine næringsinntekter dei siste 2-7 åra. I tillegg må bruket vere overdrege til ny eigar. Tidlegpensjonsordninga gjeld også for forpaktarar.
Handsaming av søknader om konsesjon ved erverv av landbrukseigedom.
Om du skal kjøpa fast eigedom eller leiga eigedom for meir enn 10 år, må du som regel søkja kommunen om konsesjon. Erverv av landbrukseigedom med totalareal 100 daa eller meir eller der det totale dyrka arealet er større enn 25 daa er konsesjonspliktig. Handsaming av søknader skjer etter konsesjonslova. Konsesjonsgebyret er kr 5000 uavhengig av kjøpesum. Det er Plan og økonomiutvalet som handsamar konsesjonssøknadar.
Løyve til frådeling og omdisponering av landbrukseigedom etter jordlova.
Gebyr for frådeling etter jordlova er kr 2000. Omdisponering er det ikkje knytta noko kostnad til. Det er Plan og økonomiutvalet som handsamar frådelingssaker etter jordlova.
Finansiering og investeringer i landbruket:
Landbrukskontoret står for førstelinetenesta i samband med søknader om tilskot og lån frå Innovasjon Norge. Kontoret kan og tilby prosjektering av mindre bygg og ombyggningar.
Tilskot til Spesielle Miljøtiltak i Jordbruket (SMIL):
Her er det saman med faglaga i Fræna utarbeidd eigne rettningsliner for bruk av midla (sjå tabell lengre ned i artikkelen). Tiltak som er aktuelle her er: Hydrotekniske anlegg (opne kanalar og fangdammer), istandsetting av gamle kulturbeiter, gamle hus og tilrettelegging av kulturminner for almennta.
Tilskot til Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK):
Det er utarbeidd kommunale retningsliner for bruken (sjå tabell lenger ned i artikkelen).
Planlegging av hydrotekniske tiltak
Viltforvaltning
Viltorgana skal arbeide for å fremme formålet med viltlova og gje myndigheiter og personar bistand, råd og vegleiing i saker om viltforvaltning. I Fræna kommune er det viltnemda som handsamar dei avgjerande sakene innan viltforvaltninga. Sekretariatet i viltnemda er lagt til landbrukskontoret. I høgre marg finns ei oversikt over kven som er medlemmar av nemda.
Handsaming av søknader om dispensasjon etter lov om motorferdsel i utmark
For all motorisert ferdsel utenfor godkjente løyper kreves det særskilt tillatelse. For brukere som har et særlig transportbehov kan det innvilges dispensasjon fra lov om motorferdsel.
Motorisert ferdsel i utmark er regulert gjennom lov om motorisert ferdsel i utmark. Formålet med denne reguleringen er å regulere motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen. Det er gitt en del unntak i loven i forhold til noen anerkjente nytteformål (redningstjeneste, jord- og skogbruk, post og teletjenester, oppsyns- og tilsynstjenester og lignende).
Når særlige grunner foreligger, kan kommunen gi tillatelse til bruk av motorfartøy eller luftfartøy som ellers ikke kan finne sted etter denne lov eller med hjemmel i loven.