Eit aktivt næringsliv i Fræna.

Ein kvar kommune ønskjer seg eit variert, allsidig og robust næringsliv som på den eine sida kan gje gode og trygge arbeidsplassar og på den andre sida gje eit best mogeleg tilbod av varer og tenester til innbyggarane i kommunen og regionen. Så også i Fræna kommune.
Hustadmarmor | Fotograf: Eivind Kringstad
Hustadmarmor fotograf Eivind Kringstad
For å lukkast med dette er vi avhengige av kreative, dyktige og foretakssomme personar som kan etablere nye og drive eksisterande bedrifter.
All erfaring syner at etableringsprosessen er ei tid med mykje spekulering, "tankar om tru og tvil", planlegging, undersøkjing, kven skal eg spørje, kor kan eg søke finansiering o.s.b.. I denne prosessen kan det vere behov for ein samtalepartnar, - "ein å spele ball med", - ein som kan gje råd og rettleiing, - ein som veit kven som veit, - ein som du kan snakke trygt med uten at "det kjem ut på bygda" før prosjektet er klar for lansering. I Fræna har vi etablert ei førstelineteneste til å ta seg av dette; eit Hoppit.no-kontor, som er ivareteke av Fræna Næringsforum. Ring 900 14 142. Du kan også kontakte næringskonsulenten i kommunen.

Fræna kommune har dei siste 20 åra, med unnatak av nokre vanskelege år på byrjinga av 90-talet, hatt ei sterk og fin utvikling og vekst i næringslivet.

Fleire av bedriftene i kommunen markerer seg både nasjonalt og internasjonalt med produkta sine. Tre av hjørnesteinsbedriftene; Hustadmarmor, Doosan Moxy Engeenering AS og Tine MidtNorge Elnesvågen har kvar på sin måte markert næringslivet i Fræna i den store verda. Også underskogen blomstrar.

Ofte vert det slik at det er dei tre store som vert trekt fram når næringslivet i Fræna skal presenterast. Kommunen har eit variert og solid næringsliv også utanom desse store. I kommunen sitt næringsregister finn ein mellom 4 og 500 større og mindre firma innanfor dei fleste bransjar.


 
Sist endret 04.03.2013