Nordneset fyrlykt, Farstad
Innbyggjarane i Fræna kommune
Innbyggjartalet i Fræna kommune har variert noko dei siste 10 åra. Frå 1996 til 1999 heldt folketalet seg høgt på mellom 9048 og 9109 innbyggjarar. Frå 1999 til 2000 fekk kommunen ein markert nedgang i folketalet. 2002 og 2003 var folketalet under 9000 innbyggjarar. men dei 3 siste åra har vi hatt ei positiv utvikling. Pr 01.01.2006 hadde Fræna kommune 9088 innbyggjarar. Det mest markante trekket når det gjeld utviklinga i alderssamansettinga i Fræna er at tal på innbyggjarar i aldersgruppa 20-44 år er minkande, medan det blir fleire i aldersgruppa 45-66 år.
Busettingsstruktur
Folketettleiken for heile kommunen var i 2003 på 24.5 pr. km2. Gjennomsnittet i fylket var 16.2 og i landet på 14.1. Dei siste 30-40 åra har det skjedd ei stor tettstadsutvikling i kommunen. Elnesvågen har vokse seg stor til ein bygdeby, etterfølgt av Bud. I tillegg har vi tettstadane Farstad, Tornes, Sylte/Moen og Malme. I 2003 var 46% av innbyggjarane busett i tettbebygde strøk. Gjennomsnitt for fylket var 67% og for landet 77%. Del av befolkninga busett i tettbebygde strøk er aukande.