Kultur, idrett og frilufsliv
Kultursektoren i Fræna kommune er administrert og vert leia frå kulturkontoret i rådhuset i Elnesvågen. Kultursjef Harry Hestad har det administrative ansvaret for sektoren.
Open dag på Hustadmarmor
Einar Henøen
Under kultursektoren ligg følgjande hovudarbeidsområde:
BIBLIOTEK.
KULTURMINNEVERN
ALMENT KULTURARBEID/SONG OG MUSIKK
IDRETT OG FRILUFTSLIV
REISELIV
ARBEID MED AKTIVITET FOR UNGDOM
GOD HELSE-PROSJEKTET, BLA. AKTIV PÅ DAGTID
Kyrkje og kyrkjegardar (kommunalt engasjement)
Kommunen har eit variert og rikt engasjement innanfor kultursektoren, noko som ein håper skal gjere det attraktivt og bu i kommunen. Eit mål med kommunen sin kulturpolitikk er å utvikle den viktige ressursen som ligg i det friviljuge kulturarbeidet.
Fræna kommune sin kulturinnsats skal kome flest mogleg til gode, han skal styrkje samverskulturen og stimulere til kvalitetsbevissthet. Kulturtilbod er viktig for alle, uavhengig av alder og kulturbakgrunn. Sektoren ønskjer difor å vidareutvikle tilbodet til unge og eldre, samt å vidareutvikle tiltak, samarbeid og samversformer for desse gruppene.
Kulturkontoret skal yte fagleg bistand og rettleie publikum innanfor sitt fagområde. Samtidig yte sørvis til innbyggjarane, lag og organisasjonar i form av informasjon og rettleiing av dei tenester som ligg til sektoren.
Viktige styringsdokument for etaten er
økonomiplan/handlingsplan - årsmelding og idrett og friluftplan.
Fræna kulturkontor, Rådhuset, 6440 Elnesvågen.
telefon: 71 26 81 00 / 71 26 81 18
telefax: 71 26 81 99
Kultursjef Harry Hestad
telefon: 71 26 81 18
mobil. 95 73 17 24
privat: 71 25 3 9 94
Publisert av
Eivind Kringstad.
Ansvarlig
Harry Hestad.
Sist endret 29.10.2008