
Publisert 16.12.2006
Den innanlandske nettoflyttinga til fylket varierar noko frå år til år, og som tidlegare år hadde Møre og Romsdal ei nettoutflytting som i 2005 var på -1142 personar (0.5 % av folketalet). Møre og Romsdal hadde same år eit flyttetap til alle landets fylker, med unntak av Sogn og Fjordane og Buskerud. Størst var flyttetapet til Oslo (-360), Sør-Trøndelag (-160) og Hordaland (-156).
Innvandringa frå utlandet kompenserar for noko av flyttetapet til fylket. Møre og Romsdal hadde i 2005 ei nettoinnvandring på 804 (0.3 % av folketalet). Ved å ta omsyn til innvandringa, var den totale nettoutflyttinga i Møre og Romsdal på -338 (0.1 % av folketalet). Ser vi på landet under eit, er det berre fire andre fylker i landet som hadde større utflytting enn innflytting i 2005; Nordland (-774), Sogn og Fjordane (-666), Finnmark (-402) og Telemark (-14).
Nettoinnvandringa til fylket har variert noko dei siste åra, men frå 2000 til 2005 har totalt 4538 personar flytta til Møre og Romsdal frå utlandet.