Næringsparken ligg strategisk til ved den sterkt trafikkerte rv. 664 med lett tilgjenge for kundar frå både Molde, Fræna, Eide, Averøy og Aukra kommuner. Det passerer i dag om lag 6000 bilar på rv. 664 kvart døgn og når bompengeperioden på Tussentunnelen er over om få år vil ein barriere for auka handel frå Molde være fjerna. Dette er eit område som skal høve godt for etablering av alle typar storhandelsbedrifter og bransjesenter. Per i dag har Malmefjorden daglegvarebutikk, bensinstasjon, bilopphoggeri, olje og regvisitautsalg, ein malings- og interiørbutikk og 2 store, gode gartneri med utsal. EikSenteret med utsal og serviseverkstad for traktor og anna landbruksreiskap, er etablert i Holamyra Næringspark. Elles er eit bilvarehus og fleire andre verksemnder er i ferd med å etablere seg i Næringsparken.
Praktisk info.: Last opp reguleringsplan, tegnforklaring til reguleringsplana eller reguleringsføresegner ved å klikke på den blå teksten i tabellen nedanfor.
*) Nytt dette alternativet om du ønskjer eit "aktivt kart" over det aktuelle området. Då kan du velje alternative visningar; reguleringsplan, kommuneplan, flyfoto eller berre grunnkart, eller du ka måle avstandar o.s.b.. Klikk først på den blå teksta Reguleringsplan og deretter maksimerer du dialogboksen. OBS. OBS Ver TÅLMODIG, - det tar litt tid (minimum 2 min.) før kartet får tegna seg opp.
¤) Velg PDF- alternativet om du berre er interessert i å sjå reguleringsplana, utan å gjere noko i kartet. Dette går det fort å laste opp.