I næringsområda rundt Harøysundbassenget er det fleire fiskemottak, fiskeforedlingsbedrifter, liggekaier og landanlegg for fiskebåtar, servicebedrifter for fiskeflåten, som t.d. is- og drivstoffbunkringsanlegg, skipshandel og mekanisk verkstad. Harøysund Hamn Industriområde har stort potensiale for utfylling for å vinne nytt land til ettermåten omfattande næringsområde. Berre delar av det regulerte næringsarealet er per i dag klargjort. I dette ligg det også stort potensiale for kaiutbygging.
Praktisk info.: Last opp reguleringsplan, tegnforklaring til reguleringsplana eller reguleringsføresegner ved å klikke på den blå teksten i tabellen nedanfor.
*) Nytt dette alternativet om du ønskjer eit "aktivt kart" over det aktuelle området. Då kan du velje alternative visningar; reguleringsplan, kommuneplan, flyfoto eller berre grunnkart, eller du ka måle avstandar o.s.b.. Klikk først på den blå teksta Reguleringsplan og deretter maksimerer du dialogboksen. OBS. OBS Ver TÅLMODIG, - det tar litt tid (minimum 2 min.) før kartet får tegna seg opp.
¤) Velg PDF- alternativet om du berre er interessert i å sjå reguleringsplana, utan å gjere noko i kartet. Dette går det fort å laste opp.