Området er på det næraste utbygd og inneheld per i dag omlag 50 detaljvareforretningar innanfor dei fleste bransjar. Delar av senteret er regulert som eit samla kjøpesenter, som baserer seg på samanbygging av forretningseigedomane og samanknytt med felles overbygde gang og opphaldssoner. Senteret har gjennomgått ei større sanering, opprusting og modernisering med m.a. omfattande tiltak for å betre miljø og estetikk og det vert lagt stor vekt på å få til eit funksjonelt og triveleg handelssenter for besøkande og handlande.
Praktisk info.: Last opp reguleringsplan, tegnforklaring til reguleringsplana eller reguleringsføresegner ved å klikke på den blå teksten i tabellen nedanfor.
*) Nytt dette alternativet om du ønskjer eit "aktivt kart" over det aktuelle området. Då kan du velje alternative visningar; reguleringsplan, kommuneplan, flyfoto eller berre grunnkart, eller du ka måle avstandar o.s.b.. Klikk først på den blå teksta Reguleringsplan og deretter maksimerer du dialogboksen. OBS. OBS Ver TÅLMODIG, - det tar litt tid (minimum 2 min.) før kartet får tegna seg opp.
¤) Velg PDF- alternativet om du berre er interessert i å sjå reguleringsplana, utan å gjere noko i kartet. Dette går det fort å laste opp.