Eidem Sør Industriområdet ligg mellom riksveg 664 og sjøen vest for kommunesenteret Elnesvågen. Dette industriområdet hyser mellom anna 2 av hjørnesteinsbedriftene i Fræna kommune; Hustadmarmor og Tine Midt-Norge Elnesvågen, - bedrifter som kvar på sitt område er verdsleiande. I Eidem Sør Industriområde ønskjer ein å prioritere tomteareal til bedrifter som kan nyttegjere seg spillvarme som innsatsfaktor i produksjon eller som energikjelde. Både Hustadmarmor og det planlagde gasskraftverket i området vil frigje store mengder spillvarme. I dette feltet vil også gass vere tilgjengeleg som innsatsfaktor i produksjon eller som energikjelde, i første omgang i form av LNG (nedkjølt og komprimert naturgass) frå tankanlegget til Naturgass Møre ved Tine, men seinare reknar vi med at røyrgass direkte frå Ormen Langeanlegget på Nyhamna vil vere tilgjengeleg.
#) Planen var egengodkjent i Fræna kommunestyre 14.12.2009, men då det er innsigelsar mot plana, er den ikkje endeleg stadfesta.
Praktisk info.: Last opp reguleringsplan, tegnforklaring til reguleringsplana eller reguleringsføresegner ved å klikke på den blå teksten i tabellen nedanfor.
*) Nytt dette alternativet om du ønskjer eit "aktivt kart" over det aktuelle området. Då kan du velje alternative visningar; reguleringsplan, kommuneplan, flyfoto eller berre grunnkart, eller du ka måle avstandar o.s.b.. Klikk først på den blå teksta Reguleringsplan og deretter maksimerer du dialogboksen. OBS. OBS Ver TÅLMODIG, - det tar litt tid (minimum 2 min.) før kartet får tegna seg opp.
¤) Velg PDF- alternativet om du berre er interessert i å sjå reguleringsplana, utan å gjere noko i kartet. Dette går det fort å laste opp.