Skogbruk


Skogen i Fræna er dominert av glissen furuskog og lauvskoglier. Kulturskogen er godt synleg i liene i indre og søre delar av kommunen, medan leplantefelta av sitkagran står fram som smale belte i myrområda ut mot kysten.

Skogbruksnæringa er ei tilleggsnæring. Skogens bidrag til sysselsetjing og verdiskaping er i liten grad belyst. Virket som blir skore til heimebruk (nybygg og vedlikehald) er og har vore viktig.

I landbruksplanen er produktivt skogareal oppgitt til 92 000 da. Delar av skogen i Fræna blei taksert i 2005. Dette utgjorde eit produktivt skogareal på 58039 daa. Tilveksten blei rekna til 11 337 m3 og balansekvantumet sett til 4 913 m3. Produksjonsevna til taksert areal er berekna til 18 816 m3. Ståande kubikkmasse er om lag 276 000 m3 fordelt på 50 000 m3 med gran, 115 000 m3 med furu og 109 000 m3.

Fræna er ein skogreisingskommune.Tal frå landbruksplanen syner at om lag 20 000 da av Fræna kommune er kulturskog. Det er for ein stor del gran planta frå midten av sekstitallet og fram til i dag. Denne skogen er ikkje hogstmoden før om 20-30 år.

Det er i dag 18 % kommunalt tilskot til skogkulturarbeid som planting og rydding. I tillegg får ein tilskot gjennom NMSK (Nærings- og miljøtiltak i skogbruket). Tilskotssats varierar ut frå tiltak (frå 35 til 70 %). Det er utarbeidd kommunale retningsliner for bruk av NMSK-midlane.
Ansvarlig Odd Løset. Sist endret 05.07.2012