s Vedtekter for bruk av kommunevåpen Fræna kommune
Kommunevåpen Fræna kommune
Kommunevåpen Fræna kommune

Vedtekter for bruk av kommunevåpen Fræna kommune


Publisert av Merete Rødal. Ansvarlig Harry Hestad. Sist endret 25.01.2013
§ 1. DEFINISJON:

Kommunevåpenet for Fræna, vedteke i Fræna kommunestyre 15.05.95 sak 26/95, er på gull grunn/tre blå bjelker, der overkant av bjelkane er teikna med kvervelsnitt 3-3 og 2 i eit gotisk skjold.

§ 2. GENERELLE BESTEMMELSER OM BRUK:

Våpenet er kommunen sitt offisielle merke.
Våpenet kan nyttast av den kommunale administrasjon og av kommunale institusjonar under utøvelse av kommunal mynde og til dekorasjon.

Driftsutvalet kan gje løyve til å bruke våpenet
- på suvernirgjenstander
- jakkemerker og bordflagg
- merke for større stevner og landsmøter når slike blir arrangert
i kommunen.

I alle høve må særskild søknad sendes til Driftsutvalet saman med prøve eller nøyaktig tekning med forklarande tekst.

Kommunevåpenet må ikkje brukast slik at det kan oppfattast som eit privat kjenneteikn. private kjenneteikn må heller ikkje samanstillast med våpenet.

§ 3. BRUK AV VÅPENSKJOLD:

Våpenet skal brukast med sine farger med mindre særskilt tillatelse foreligg. På trykksaker kan våpenet trykkjast i svart og kvitt.

Våpenskjoldet kan brukast som merke på bygningar, bilar og andre gjenstander som tilhøyrer kommunen.

§ 4. BRUK AV VÅPENET I FANER, VIMPLER M. M:

Våpenet kan brukast på bordflagg, og til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstellningar. hengande bannere i stort format kan også brukast til dekorasjon.

§ 5. BRUK AV VÅPENET I STEMPEL OG SEGL:

Våpenet kan brukast av kommunale einingar i ein innskriftsring langs kanten av stemplet eller segl, med eininga sitt navn.

Proporsjonar og srifttypar skal vere slik som i seglet "Ordføraren i Fræna".

§ 6. VÅPENET SIN UTFORMING OG STORLEIK:

Våpenet kan utførast i ymse materialer og teknikkar, t. d. plastisk flatestil, måla, teikna, vevd, brodert eller gravert. I alle høve må det setjast høge krav til kvalitet i utforminga. Utforminga må alltid vere i samsvar med det tekniske kvalitetskrav med rett form, farge og proposjonar.
padlock